mini|Zumbatrening. mini|Verdsrekordforsøk i zumbadans i Bydgoszcz i 2013. Zumba er ei treningsform basert på aerobic og dans utført til latinamerikansk musikk. Ho blei skapt på 1990-talet av Alberto «Beto» Perez.Janice Lloyd, «Zumba brings the dance party into the health club» , USA Today, 10. oktober 2011 Namnet «zumba» har inga spesiell tyding, men blei vald tilfeldig som eit merkevarenamn. Det har Zumba Fitness, LLC som eigar.

Bakgrunn

Beto Perez grunnla zumba ved eit tilfelle på 1990-talet, då han arbeidde som aerobicinstruktør i Colombia. Ein dag hadde han gløymd å ta med seg den vanlege musikken til ein time, og brukte i staden musikk han tilfeldigvis hadde i bilen - hovudsakleg latinamerikansk musikk - som han improviserte trinn til. Etter å ha oppnådd suksess i Colombia flytta han til Miami og grunnla eit zumbaselskap med Alberto Perlman og Alberto Aghion. Dei selde intruksjonsvideoar og byrja å trena instruktørar. Selskapet selde også zumbamerka produkt, som klede, og gav instruktørar tilgang til eit zumbanettverk.

Skildring Målet for alle zumba-treningsøkter er å røra seg raskt og ha det morosamt. Deltakarane vert oppfordra til å riste på hoftene, sleppe seg laus i dei latinske rytmane, og late som om dei er på fest. Alle kan delta på zumba, og ein stiller ingen krav til form. Programmet omfattar latinske rytmar med enkle dansetrinn, som omfattar intervall og motstandstrening. Dansetrinna er lånte frå cumbia, merengue, salsa, reggaeton, samba og flamenco.

Zumba er også vorte populært i Noreg og vert tilbydd på mange treningssenter.

Kjelder

Kategori:Dans Kategori:Trening