Ben More (skotsk-gælisk Beinn Mhòr) er det høgaste fjellet på Isle of Mull i Skottland med ei høgd på 966 meter over havet. Det er det høgaste fjellet i Indre Hebridane utanom Isle of Skye. Fjellet ligg sør på øya, oppfor Loch na Keal.

Kring 60 millionar år sidan var regionen vulkansk aktiv og Ben More er restane etter ein vulkan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ben More (Mull)» frå , den 2. april 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell og åsar på dei skotske øyane Kategori:Fjell og åsar i Argyll and Bute Kategori:Isle of Mull Kategori:Vulkanar i Skottland Kategori:Utdøydde vulkanar