Light of Love var eit album som berre kom ut i USA av T. Rex i 1974.http://www.discogs.com/T-Rex-Light-Of-Love/master/217383 Det består av songar som tidlegare vart gjeven ut i Storbritannia på Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow, i lag med songar spelt inn våren 1974 i Music Recorders Inc. Studios i Hollywood. Innspelingane vart produserte av Marc Bolan sjølv, og var det første albumet til T.Rex utan Tony Visconti som produsent.
Trass i mykje marknadsføring og ein turne i USA, gjekk ikkje Light of Love inn på lista i USA. Årsakene er omstridde, men det enda forsøka til Bolan på å slå igjennom i USA for godt. Etter dette konsentrerte han seg om Storbritannia igjen (der karrieren var på veg oppover att). Dei nyinnspelte songane kom ut på Bolan's Zip Gun. Ironisk nok kan importerte versjonar av Light of Love ha påvrka salet av Bolans Zip Gun negativt.Light of Love CD booklet notes by Mark Paytress, March 1995
Innhald
Medverkande Marc Bolan – gitar, vokal Steve Currie – bass Mickey Finn – Perkusjon, conga, vokal, handperkusjon Gloria Jones - clavinet, korvokal Davey Lutton - trommer Paul Fenton - trommer på «Solid Baby»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Light of Love» frå , den 30. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:T. Rex-album