A Beard of Stars er det fjerde studioalbumet til den engelske psykedelisk folk-gruppa Tyrannosaurus Rex, og det siste før dei endra namn til T. Rex. Det kom ut 13. mars 1970 på Regal Zonophone.
Musikk
A Beard of Stars var det første albumet til Marc Bolan med den nye musikalske partnaren Mickey Finn. Det bestod av Bolan på vokal, gitar, orgel og bass og Finn på perkusjon og bass. Det var kjend for å vere det første albumet der Bolan nytta ein elektrisk gitar, sjølv om han hadde brukt instrumentet på singelen «King of the Rumbling Spires»/«Do You Remember» i 1969. I følgje Mark Deming i AllMusic var A Beard of Stars «vendepunktet der Marc Bolan byrja å utvikle seg frå ein angrande hippie til den fullstendig spradande rockestjerna han kom til å bli i løpet av eit par år. Men for dei som ikkje er kjend med det førre arbeiet hans, høyrest det framleis ut som verket til ein mann med sinnet plugga inn i ei tid av lysergisk forheksing».
Fire spor frå dette albumet, inkludert «Great Horse», vart berga frå ei innspeling våren 1969 for eit fjerde album med den originale perkusjonisten Steve Peregrin Took etter «King of the Rumbling Spires». Desse fire spora vart overdubba for utgjevinga av Finn, Bolan og Visconti. Fire spor til frå Took-innspelinga kom ikkje med på det endelege albumet og har sidan dukka opp på forskjellige samleplater. Tre av dei («Once Upon the Seas of Abyssinia», «Blessed Wild Apple Girl», «Demon Queen») kom ut medan Bolan levde, medan det fjerde («Ill Starred Man») kom ut posthumt.
Utgjeving
A Beard of Stars kom ut 13. mars 1970 på Regal Zonophone i Storbritannia og Blue Thumb i USA. Det nådde 21. plassen på UK Albums Chart.
Mottaking
I ei seinare melding skreiv AllMusic at albumet var ein «stor tranformasjon. A Beard of Stars held på sjarmen til den tidlegare musikken til Tyrannosaurus Rex, medan den naturlege karismaen og rockerørslene til Bolan endeleg tek grep. Det er slik ein unikt og særs behagleg plass i katalogen deira».
Innhald
Medverkande Marc Bolan - akustisk og elektrisk gitar, solovokal, akkordorgel, bass Mickey Finn - marokkanske leirtrommer, korvokal, tabla, fingercymbal, bass
Andre Malcolm Toft - lydteknikar Tony Visconti - piano, produsent
Salslister Liste (1970)PlasseringAustralia (Kent Music Report)27UK Albums Chart21
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «A Beard of Stars» frå , den 15. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:T. Rex-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Regal Zonophone Records-album Kategori:Blue Thumb Records-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios