Rebecca Renee Black () er ein amerikansk songar som fekk mykje medieomtale i 2011 for singelen «Friday», som kom ut då ho var tretten.

«Friday» var skriven saman med og produsert av Clarence Jey og Patrice Wilson frå Ark Music Factory. Han blei ein viral video på YouTube og ulike nettsamfunn, og blei omtalt av fleire kritikarar som «den verste songen nokonsinne». I tida frå han blei lasta opp 10. februar 2011 og til han kortvarig blei teken ned av YouTube 16. juni var videoen blitt sett 167 millionar gonger. Black lasta han opp til sin eigen kanal tre månader seinare. Songen nådde 58. plassen på Billboard Hot 100. I 2013 gav Black ut ein oppfølgjarsingel «Saturday» (med Dave Days) til liknande kommersiell suksess og noko betre mottaking.

Debutalbumet hennar, Let Her Burn, kom ut i februar 2023 etter to EP-ar. Det fekk generelt gode meldingar. Det andre albumet hennar, Salvation, kom ut i 2025.

Black har snakka om kampen sin med depresjon som tenåring etter merksemda kring «Friday».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

«YouTube-mobbeoffer selger snart mer enn Britney» «13-åring snart mest hatet på YouTube» «Plutselig var fenomenet borte fra YouTube» Rebecca Black fanside

Kategori:Folk frå California Kategori:USA-amerikanske songarar