The Principle of Moments er det andre soloalbumet til tidlegare Led Zeppelin-songar Robert Plant. Det var det andre albumet til Plant som nådde Topp 10 i Storbritannia og USA. Det gav han òg den første hitten hans som soloartist på Topp 40 med «Big Log». Den mest populære songen på album-orientert rock-radio i USA var «Other Arms», som nådde førsteplassen på Billboard si Top Tracks-liste. Trommeslagar i Genesis, Phil Collins, spelar trmomer på seks av åtte songar på albumet (som han gjorde på Pictures at Eleven). På dei andre to songane spelar tidlegare trommeslagar i Jethro Tull, Barriemore Barlow.

Som det første soloalbumet til Plant, skil songane på Pictures at Eleven seg frå hardrocken til Led Zeppelin. Etter suksessen med desse albuma, la Plant ut på ein suksessrik turne i 1983. Med seg på turneen hadde han Phil Collins på trommer. Collins var nøgd med å spele i bakgrunnen, trass i at han sjølv hadde enorm suksess som soloartist på denne tida. Trommeslagar i Little Feat, Richie Hayward, spelte trommer på den australske delen av turneen.

Rhino Entertainment gav ut ei nymastra utgåve av albumet med bonusspor i 2007.

Innhald

Medverkande Robert Plant - vokal Robbie Blunt - gitarar Paul Martinez - bass Jezz Woodroffe - klaverinstrument Phil Collins - trommer på 1-3, 5-6, 8 + alle bonusspor Barriemore Barlow - trommer på 4 & 7 John David - korvokal Ray Martinez - korvokal Bob Mayo - gitarar, klaverinstrument, korvokal på 9-11 (2007-utgåva)

Lister Album ÅrListePlassering1983Den britiske albumlista71983US Billboard 2008

Kategori:Robert Plant-album Kategori:Musikkalbum frå 1983