Dravle er eit norsk tradisjonelt mjølkeprodukt, kjend frå heile landet.
Ingrediensar Dravle er dei fleste stadene mjølk sprengd med surmjølk under koking, der ostemassen ligg i mysa.Andreas RopeidVisted/Stigum Andre stader legg ein meir arbeid i dravlekokinga. Mjølka vert innkokt, dvs. at ein «sprenger» mjølka med løype eller kulturmjølk. Når mjølka har skilt seg, tek ein ut noko ostestoff, og lèt resten koka vidare i ein til fire timar. Deretter tilset ein ostestoffet att, og eventuelt litt fløyte. Egg, sukker og kanel er andre moglege ingrediensar.
Bruk Dravle kan etast frå ei vanleg suppeskål, både til kvardags og fest; varm eller kald. Han kan vera ein eigen rett og kan nyttast som dessert, til ostebord eller ein kan servera han til spekekjøt, vaflar eller lefser.
Vossadravle Vossadravle er eit produkt laga av Tine SA, opphavleg ved Tine Meieriet Voss, og etter at dette blei lagt ned i januar 2023 ved Tine Meieriet i Skjåk. Ingrediensane i Vossadravle er mjølk, kulturmjølk, sukker og fløytemysost.
Sjå òg Haglette Gomme
Kjelder
Påskrifta på ein boks Vossadravle. Andreas Ropeid: Produksjon og kosthald ved fjorden i NORVEG Folkelivsgransking 19. Norges almenvitenskapelige forskningsråd 1976. Kristoffer Visted og Hilmar Stigum: Vår gamle bondekultur band 2. Oslo 1970.
Denne artikkelen bygger på «Dravle» frå , den 27. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mjølkemat Kategori:Norsk mat