«Sick Again» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975.
Songen vart skriven av Robert Plant om tenåringsgroupiar, eller som han kalla dei, «L.A. Queens», som bandet vart kjende med under turneen deira i USA i 1973.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Han syns synd på desse jentene som flokka seg rundt hotellromma for å yte tenestene sine for dei. Vokalen til Plant kan vere noko hard å høyre innimellom, for han er ikkje så langt framme i miksen.
Den aller siste lyden på songen er frå slidegitaren til Jimmy Page som var prosessert med baklengsekko, før ein høyrer eit host frå trommeslagar John Bonham.
«Sick Again» vart ofte spelt på konsertane til Led Zeppelin og var song nummer to på alle konsertane i 1975 og 1977. Han vart òg spela i 1979, men ikkje på europaturneen deira i 1980.
Jimmy Page spelte songen på turneen sin med The Black Crowes i 1999, og ein versjon vart gjeven ut på albumet Live at the Greek.
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer
Andre versjonar 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek) 2007: Zepparella (Pleasing Pounding)
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sick Again» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Songar om turnéliv Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant