«Dancing Days» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy i 1973. Han vart spelt inn i Stargroves i 1972. Han var inspirert av ein indisk melodi Jimmy Page og Robert Plant høyrde då dei reiste til Bombay.
Songen vart den første frå albumet som vart gjeven ut for å bli spelt på radio av Atlantic Records. Han vart første gong spelt den 24. mars 1973 på BBC Radio One.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
Songen vart spela på konsertar lenge før albumet kom ut. Første gong var i Seattle den 19. juni 1972 der songen vart spela to gonger, den siste gongen som ekstranummer. Ein versjon finst på konsertalbumet How the West Was Won. Etter at Houses of the Holy kom ut vart «Dancing Days» spela lite på konsertar, bortsett frå ein akustisk versjon i 1977 i USA.
Songen vart gjeven ut som singel i Frankrike (med «Over the Hills and Far Away») og Sør-Afrika (med monoutgåva av songen som B-side). Ein EP vart òg gjeven ut i USA i lag med «D'yer Mak'er», «The Song Remains the Same» og «The Crunge».
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, orgel John Bonham - trommer
Andre versjonar 1989: H.P. Zinker (...And There Was Light EP) 1993: Bad Livers (The Song Retains the Name II) 1995: Stone Temple Pilots (Encomium: A Tribute to Led Zeppelin) 1998: Morgaua Quartet (Destruction: Rock Meets Strings) 1999: Kelly Hansen (The Song Remains Remixed: A Tribute to Led Zeppelin) 2002: Stereofeed (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin) 2005: Hampton String Quartet (Take No Prisoners!) 2006: The Rockies (The Music of Led Zeppelin) 2007: Vanilla Fudge (Out Through the in Door) 2007: Blackjack (Live ) 2007: Razed in Black (The Many Faces of Led Zeppelin [remix]) 2008: Gov't Mule (Holy Haunted House [konsert 2007]) 2008: John Wetton & Geoff Downes (Led Box: The Ultimate Led Zeppelin Tribute) 2008: David Wayne (Songs of Yesterday)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dancing Days» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar om dansing Kategori:Stone Temple Pilots-songar