Beacon Hill er eit av dei høgaste utkikkspunkta i innlandet bak Poole Harbour i Dorset. Tidlegare var det ei av ei rekkje vardar som vart nytta til å åtvare om åtak utanfrå. Det tidlegare namnet på åsen var Lytchett Beacon.
Åsen har spela ei rolle i forsvaret av Dorset sidan 1300-talet eller tidlegare. Han hadde tidlegare namnet Lechiot BeaconPå eit kart frå 1610 av Dorset eller Lychett Beacon etter landsbyen Lytchett Minster som ligg sørvest for åsen. «Beacon» tyder 'varde'. Åsen hadde ein slik varde som kunne tennast ved åtak. I 1588 blei varden tent for å varsla om at den spanske armadaen var på veg. Under Napoleonskrigane blei varden bemanna att i tilfelle franske styrkar invaderte.An Account of the Role of Lytchett Beacon in Dorset’s Defences, Stanley Judd & Kim Parker. Henta 1. desember 2014.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beacon Hill, Dorset» frå , den 27. november 2016.
Kategori:Åsar i Dorset