Krokusslekta (Crocus) er ei planteslekt i sverdliljefamilien. Krokus er ein staude som ofte vert rekna som ein løkplante, sjølv om overvintringsorganet eigentleg er ein knoll. Slekta er utbreidd med fleire enn 30 artar i Europa, Midtausten og Nord-Afrika. Dei er for det meste fjellplantar. Dei fleste krokus vert 10–20 cm, og dei finst i mange fargar frå kvite og gule til lilla og blå. Blomstringstidspunktet kjem an på sorten, men fell for det meste frå sist i februar til inn i april. For dei haustblomstrande fell blomstringa frå september til inn i november.

Bruk Krokus er vanlege hageplantar, særleg vårkrokus (Crocus vernalis), ein av dei første blomsterplantane som dukkar opp ute om våren, og haustkrokus (Crocus speciosus). Krokus kan gro i alle veldrenerte jordtypar, og er brukelege nesten overalt i blomsterbed, grasplenar eller i potter innandørs. Leggedjupna er 5–10 cm. Både ville artar og dyrka sortar formeirar seg villig ved frø og yngleknollar, men dei skal helst ligge urøyvde i jorda i 3-4 år. For produksjon av krydderet safran dyrkar ein safrankrokus (Crocus sativus).

Artar Det finst ei rekkje artar i krokusslekta. Registrerte i norsk natur er: Vårkrokus (C. vernus, syn. C. scepusiensis, C. napolitanus, C. neapolitanus, C. heuffelianus), framandart, potensielt høg risiko (PH) i Framandartslista 2023 Snøkrokus (C. tommasianianus), framandart, låg risiko (LO) Gulkrokus (C. ×luteus, syn. C. ×flavus, C. augustifolius × C. flavus), potensielt høg risiko (PH) Begerkrokus (C. chrysanthus), framandart, låg risiko (LO) Haustkrokus (C. speciosus), framandart, einskildfunn, låg risiko (LO) C. flavus, framandart, ingen kjend risiko (NK), dørstokkart

Andre artar dyrka i Noreg: Solkrokus (C. angustifolius, syn. C. susianus) Blåbegerkrokus (C. biflorus) Septemberkrokus (C. kotschyanus, syn. C. zonatus) Iskrokus (C. niveus) Safrankrokus (C. sativus) Alpekrokus (C. versicolor)

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Krokus» frå , den 23. mars 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hageplantar Kategori:Sverdliljefamilien