Roar Hagen () er ein norsk avisteiknar og illustratør.
Han har utdanning som grafisk formgivar. Han starta som avisteiknar i Sunnmørsposten i 1975. I åra 1978 til 1986 var han i Stavanger Aftenblad. Frå 1986 har Roar Hagen vore avisteiknar i VG. Frå 1989 har han vore tilslutta Cartoonists & Writers Syndicate i New York, som formidlar teikningar til rundt 200 aviser og magasin over hele verda. Han har hatt teikningar i mellom anna Die Zeit, International Herald Tribune, Der Spiegel, Newsweek og Time Magazine.
Han har gjeve ut bøkene (Ikke bare) djevelstreker og Den norske fortellingen, sistnemnde eit utval av teikningar med kommentarar frå dei siste 40 åra. Saman med Arill Riise har han gjeve ut Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta (1998) og Sild og Grandiosa (2006).
Roar Hagen er far til skodespelaren Pål Sverre Valheim Hagen.
Prisar og utmerkingar 1997, 2007 og 2015: Årets avistegning 2004: International Caricatura Politica Award, Forte dei Marmi Italia
Verkliste 2003: (Ikke bare) djevelstreker, Schibsted 2016: Den norske fortellingen: Fire tiår slik en tegner ser det Vigmostad og Bjørke, 2016 ISBN 9788251687256
Kjelder
Knut Olav Åmås [red.]: «Hagen, Roar» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
Denne artikkelen bygger på «Roar Hagen» frå , den 20. mars 2011.
Kategori:Norske avisteiknarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Folk frå Ørsta