«Wishful Sinful» er ein song skriven av gitarist Robbie Krieger og framført av The Doors. Han vart gjeven ut i 1969 på det fjerde albumet deira, The Soft Parade. «Wishful Sinful» følgjer det genrelle temaet på albumet og nyttar element frå klassisk musikk. Songen vart gjeven ut på singel i mars 1969 og nådde 44. plass på Billboard Hot 100 i 1969.Allmusic, [ The Doors Chart History]
Songen vart spelt inn seinare av pianisten George Winston på albumet Night Divides the Day - The Music of the Doors.
B-Side B-sida til singelen, «Who Scared You?» er den einaste av tre B-sider som ikkje kom ut på noko album i løpet av karrieren deira. Dei andre er «(You Need Meat) Don't Go No Further» og «Tree Trunk».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wishful Sinful» frå , den 18. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Doors-songar Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Robby Krieger Kategori:Songar produserte av Paul Rothchild Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Elektra Records-singlar