The Doors var eit amerikansk rockeband starta i 1965 i Los Angeles med vokalisten Jim Morrison, klaverspelaren Ray Manzarek, trommeslagaren John Densmore og gitaristen Robby Krieger. Bandet tok namnet sitt frå Aldous Huxley-boka The Doors of Perception. Dei var eit av dei mest kontroversielle banda i 1960-åra på grunn av dei ville, poetiske tekstane til Morrison og den karismatiske, men ureknelege scenepersonlegdomen hans. Etter at Morrison døydde i 1971 heldt dei gjenverande medlemmane saman som ein duo, fram til bandet vart oppløyst for godt i 1973.
Sjølv om den aktive karrieren til The Doors enda i 1973, er dei framleis populære. I følgje RIAA har dei seld 32,5 millionar album berre i USA. Bandet har seld over 90 millionar album på verdsbasis.Johnny Depp to narrate 'The Doors' documentary. Asian News International. Ray Manzarek og Robby Krieger spelar framleis i lag som Manzarek-Krieger, og spelar berre songar av The Doors. Tre av studioalbuma til bandet, The Doors (1967), L.A. Woman (1971) og Strange Days (1967), ligg på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, på respektive 42., 362. og 407. plass. I 1993 vart The Doors innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Historie 1965–1968 Starten The Doors vart til ved eit tilfeldig møte mellom Jim Morrison og Ray Manzaerk på Venice Beach i Los Angeles i California i juli 1965. Morrison fortalte Manzarek at han hadde skrive songar, og etter oppfordring frå Manzarek song han «Moonlight Drive». Teksten til Morrison imponerte Manzarek og han foreslo at dei danna eit band.
Klaverspelaren Manzarek var i eit band kalla Rick & the Ravens med brørne Rick og Jim Manzarek, medan trommeslagar John Densmore spelte med The Psychedelic Rangers, og kjende Manzarek frå mediteringstimar. I august vart Densmore med i bandet og i lag med medlemmar frå The Ravens og bassisten Pat Sullivan (seinare kjend som Patricia Hansen på ei plateboksutgjeving frå 1997), spelte dei inn ein demo med seks songar i september 1965. Demoinnspelinga har sidan sirkulert som ei piratkopiplate. Denne månaden hyrte bandet gitaristen Robby Krieger, og den endelege besetninga med Morrison, Manzarek, Krieger og Densmore var komplett.
mini|Whisky a Go Go I 1966 spelte gruppa i LA-klubben London Fog og fekk kort tid etter spele på den prestisjefylte Whisky a Go Go, der dei vart husband. Her varma dei mellom anna opp for Van Morrison-bandet Them. Den siste kvelden deira i lag spelte dei to banda i lag på «In the Midnight Hour» og ein tjue minuttar lang jam-versjon av Them-songen «Gloria». Før dei byrja å spele på Whisky a Go Go drog Morrison til mange plateselskap for å prøve å få ein platekontrakt. Han fekk napp hos eitt selskap, men lukkast ikkje. Den 10. august vart dei oppdaga av Elektra Records-direktøren Jac Holzman som var der etter at Love-songaren Arthur Lee anbefalte han å gå sjå dei. Etter at Holzman og produsent Paul A. Rothchild såg dei to sette bandet spelte på Whisky a Go Go, vart dei signerte til Elektra Records den 18. august. Det var starten på eit langt og suksessrikt partnarskap med Rothchild og lydteknikar Bruce Botnick. Seinare denne månaden sparka klubben bandet etter ei blasfemisk framføring av «The End». Hendinga peika fram mot dei kontroversielle hendingane som seinare skulle følgje gruppa, då ein LSD-påverka Morrison fortalde si utgåve av det greske dramaet Oedipus Rex, der Oedipus utan å vite det tar livet av faren sin og har sex med mor si.Oedipus Rex, av Sophocles In Oedipus Rex, by Sophocles, Oedipus Tries to Avoid His Fate av N.S. Gill, About.com Guide «The dream of having sexual intercourse with one's mother»
Debutalbum Bandet spelte inn det første albumet sitt frå 24. til 31. august 1966 i Sunset Sound Recording Studios. Debutalbumet The Doors kom ut den første veka i januar 1967 og inneheldt dei fleste av dei store songane frå konsertane deira, mellom anna det nesten 12 minuttar lange musikalske dramaet «The End».
I november 1966 regisserte Mark Abramson ein marknadsføringsfilm for den første singelen «Break On Through (To the Other Side)». For å marknadsføre singelen gjorde The Doors den første framferda si på fjernsyn, på eit fjernsynsshow i Los Angeles kalla Boss City, kring 1966, kanskje tidleg 1967 og så igjen på eit anna show i Los Angeles kalla Shebang, der dei mima til «Break On Through» på nyttårsdag 1967. Klippet har aldri vorte offisielt gjeve ut av The Doors.
Sidan «Break on Through» ikkje vart ein stor suksess på radio, vendte bandet seg mot «Light My Fire». Problemet med denne songen var at han var sju minuttar long, så produsent Paul Rothschild redigerte han ned til ein tre minuttar lang song. Den andre singelen vart den første singelen frå Elektra Records som nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 og selde over ein million eksemplar.Brodsky, Joel. "Psychotic Reaction". Mojo. February 2004. «Light My Fire» var den første songen Robbie Krieger nokon gong skreiv og vart starten på suksessen for bandet.
Tidlege konsertopptak på The Matrix Frå 7. til 11. mars 1967 spelte The Doors på The Matrix Club i San Francisco. Konsertane den 7. og 10. mars vart fanga på lydband av medeigar av The Matrix, Peter Abram. Desse innspelingane er kjende som dei tidlegare konsertopptaka som finst av bandet. Den 18. november 2001 gav The Doors ut ei samlinga av desse opptaka kalla Live at the Matrix 1967, på Bright Midnight Archives.
Tidlege TV-framferder
The Doors spelte på amerikanske fjernsyn den 25. august 1967, som gjestestjerner i fjernsynsserien Malibu U, der dei spelte «Light My Fire». Dei spelte derimot ikkje live. Ein kunne sjå bandet på ei strand medan songen gjekk i bakgrunnen. Musikkvideoen gav dei ikkje kommersiell suksess og framføringa vart meir eller mindre gløymd. Det var først då dei spelte på The Ed Sullivan Show at dei fekk merksemd på fjernsyn. left|thumb|160px|Jim Morrison The Doors gjorde sin internasjonale fjernsynsdebut i mai 1967, då dei spelte inn ein versjon av «The End» for Canadian Broadcasting Corporation (CBC) på O'Keefe Centre i Toronto. Etter den første sendinga vart dette klippet berre sett som piratkopiar fram til det vart gjeve ut på DVDen The Doors Soundstage Performances i 2002.
Den 17. september 1967 gav The Doors ei minneverdig framføring av «Light My Fire» på The Ed Sullivan Show. I følgje Ray Manzarek, bad produsentane dei om å byte ut ordet «higher» med «better», sidan ein ikkje kunne sei «high» på nasjonalt fjernsyn. Gruppa gjekk først med på dette, men song likevel songen slik som vanleg, anten fordi dei aldri hadde tenkt å gjere slik produsentane bad dei om, eller fordi Jim Morrison vart nervøs og gløymde det. Uansett vart «higher» sungen på fjernsyn og ein rasande Ed Sullivan kansellerte seks show som var planlagde. Jim Morrison skal då ha sagt til produsenten. «Hei du. Me gjorde akkurat the Sullivan Show.»
Den 24. desember framførte The Doors «Light My Fire» og «Moonlight Drive» for The Jonathan Winters Show. Framføringa vart filma og send seinare. Frå 26. til 28. desember spelte gruppa i Winterland Ballroom i San Francisco. Eit utdrag frå Stephen Davis-boka om Jim Morrison (s. 219–220):
Den neste kvelden i Winterland vart eit fjernsyn rulla inn på scenen under The Doors-konserten, slik at bandet kunne sjå seg sjølve på The Jonathan Winters Show. Dei stoppa å spele «Back Door Man» då songen deira kom på. Publikum såg the Doors sjå seg sjølv på TV. Dei gjorde songen ferdig då songen deira var over, og Ray gjekk bort og skrudde av fjernsynet. Den nesten kvelden deira vart den siste i Winterland nokon gong.
Dei spelte to konsertar til i Denver den 30. og 31. desember 1967 og runda av eit år med nesten konstant turnering.
Strange Days
The Doors var fleire veker i Sunset Studios i Los Angeles for å spele inn det andre albumet sitt, Strange Days, der dei eksperimenterte med dei nye teknologiane dei no hadde tilgjengeleg. Strange Days selde berre middels. Det nådde tredjeplassen på Billboard-lista, men fall raskt i lag med singlane frå albumet. Refrenget på singelen frå albumet, «People Are Strange» inspirerte namnet på dokumentaren frå 2010 om The Doors, When You're Strange.
Strange Days var det første albumet der dei nytta bassist på innspelinga, og gjorde dette på kvart studioalbum etter. Manzarek forklarte at bassen på orgelet passa seg bra på konsertar, men vart ikkje «tydeleg» nok på studioinnspelingane. Douglass Lubahn spelte på Strange Days og dei to neste albuma, men bandet nytta òg mange andre bassistar, ofte meir enn ein bassist på eitt album. Kerry Magness, Leroy Vinnegar, Harvey Brooks, Ray Neopolitan, Lonnie Mack og Jerry Scheff er alle bassistar som har arbeidd med bandet.
Hendinga i New Haven Den 9. desember 1967 spelte The Doors ein konsert i New Haven Arena i New Haven i Connecticut, som enda brått då Morrison vart arrestert av det lokale politiet. Morrison vart den første rockeartisten som vart arrestert på scenen under ein konsert.
Morrison hadde «rota» med ein tilhengjar i dusjen bak scenen før konserten då ein politimann kom over dei. Han var ikkje klar over at han var frontmannen i bandet som skulle spele og fortalte Morrison og jenta om å dra sin veg, då Morrison svarte, «Eat it». Politimannen tok fram ein boks med tåregass, og åtvara Morrison, «Last chance», då Morrison svara, «Last chance to eat it» Det er noko usemje om kva som skjedde så: i følgje No One Here Gets Out Alive sprang jenta og Morrison vart spraya, men Manzarek fortel i boka si at både Jim og jenta vart spraya og at konserten vart utsett ein time medan han kom seg att.
Halvvegs gjennom det første settet starta Morrison å rope ein obskøn tirade til publikum, forklarte kva som hadde skjedd bak scenen og talte nedlatande om politiet i New Haven. Morrison vart så arrestert og dradd av scenen, noko som førte til opprør i gatene utanfor New Haven Arena. Morrison vart teken med til den lokale politistasjonen, fotografert og tiltalt for usømmeleg framferd og offentleg utukt. Tiltalen mot Morrison og dei tre journalistane som òg vart arresterte under hendinga, vart droppa fleire veker seinare på grunn av bevismangel.
Waiting for the Sun Det tredje albumet til bandet vart spelt inn i april 1968 og var ein vanskeleg tid på grunn av det aukande alkohol- og dopmisbruket til Morrison, og at den nye episke songen hans «Celebration of the Lizard» vart forkasta av produsenten Paul Rothchild, som meinte at verket ikkje var kommersielt nok. Dei nådde nye høgder hos publikum og spelte fleire utandørskonsertar som førte til vanvittige scenar mellom tilhengjarar og politiet, særleg ved Chicago Coliseum den 10. mai.
Bandet starta ei ny retning med det tredje albumet. Sidan dei hadde brukt opp dei originale songane sine, byrja dei å skrive nye. Waiting for the Sun vart den første førsteplassen deira og singelen deira «Hello, I Love You» gjekk heilt til topps i USA. Då «Hello, I Love You» kom ut påpeikte rockepressa at songen likna The Kinks sin «All Day and All of the Night» frå 1964. Kinks-gitarist Dave Davies var særleg irritert over likskapen. På konsertane gjekk Morrison stundom av scenen under songen, og overlet vokalen til Manzarek, som ein kan sjå i dokumentaren The Doors are Open.
Ein månad etter opprørsscenane fann stad i Singer Bowl i New York, reiste gruppa for første gong til Storbritannia, den første gongen dei spelte utanfor Nord-Amerika. Dei heldt ein pressekonferanse i ICA Gallery i London og spelte på The Roundhouse Theatre. Dette vart sendt på Granada TV som The Doors Are Open, seinare gjeve ut på video. Dei spelte konsertar i Europa i lag med Jefferson Airplane, mellom anna eit show i Amsterdam der Morrison kollapsa på scenen etter dop-fest.