Behind the Sun er eit album frå 1985 av Eric Clapton. Tittelen på albumet kjem frå ei linje frå Albert King sin «Louisiana Blues». Det er òg det første samarbeidsprosjektet til Clapton med Phil Collins. Det vert ofte omtalt som «comebackalbumet» hans og vart godt motteke i både USA og Storbritannia. Etter nesten eit tiår der gitarspelinga til Clapton kom i skuggen av synginga og låtskrivinga hans, inneheld dette albumet noko av den beste gitarspelinga hans sidan tida i Cream i 1960-åra.
Videoen til «Forever Man» vart mykje vist på MTV, og har mellom anna med ei ulukke der kameraet fell ned frå hevearmen. Albumet inneheld mykje synthesizerar og trommemaskinar spelt av Phil Collins, Ted Templeman, Peter Robinson, Michael Omartian, James Newton Howard, Chris Stainton og Greg Phillinganes, i tillegg til Clapton sin Roland gitarsynthesizer på «Never Make You Cry». Bassistane Donald «Duck» Dunn frå Booker T. & the MG's og Nathan East frå smoothjazz kvartetten Fourplay spelte òg på plata.
I sjølvbiografien sin hugsar Clapton innspelingane i 1984 som ei god tid: «Det heile gjekk så bra, eg håpte at det aldri skulle ta slutt.» Han hadde derimot problem i ekteskapet med Pattie Boyd, som vart temaet på fleire av songane: «She's Waiting», «Same Old Blues» og «Just Like a Prisoner», inneheld alle lange gitarsoloar av Clapton. Det var i denne perioden at Boyd gjekk frå han, og dei tok etter kvart ut separasjon. Clapton lindra smerta med å skrive songen «Behind the Sun», med berre han på gitar og vokal, og Phil Collins på synthesizer, som av den siste songen på albumet.
Dette var òg første gongen Clapton samarbeidde med låtskrivaren Jerry Lynn Williams. Som svar til at Van Morrison hadde vorte droppa frå Warner Bros. Records, ønskte Clapton at albumet skulle ha fleire hitsinglar: «Dei sendte meg tre songar frå ein låtskrivar i Texas - «Forever Man», «Something's Happening» og «See What Love Can Do» - og dei var gode.» Innspelingane inkluderte tidlegare Toto-gitarist Steve Lukather og trommeslagar Jeff Porcaro, i tillegg til dei langvarige samarbeidspartnarane til Clapton, bassist Nathan East og klaverspelar Greg Phillinganes, som offisielt vart med i Toto i 2005.
Behind The Sun-turneen inkluderte òg den første Live Aid-konserten i 1985 der «She’s Waiting» vart framført i lag med «White Room» og «Layla».
Innhald
Medverkande Eric Clapton – gitar, solovokal, korvokal (6), Roland gitarsynthesizer (9) Phil Collins – Simmons-trommer (1, 3), skarptromme (1), korvokal (4, 9), shaker (7, 9), trommer «til høgre» (10), synthesizer (11) Donald «Duck» Dunn – bassgitar (1, 3, 4, 7-10) Jamie Oldaker – trommer (1, 3, 4, 7, 8, 9), korvokal (9), trommer «til venstre» (10) Chris Stainton – synthesizer (1, 3, 4, 7, 8, 10), Hammondorgel (1, 8), piano (4), Fender Rhodes (9) Marcy Levy – korvokal (1, 2, 3, 6, 7, 8, 9) Lindsey Buckingham – rytmegitar (5) James Newton Howard – synthesizer (5) Jerry Lynn Williams – korvokal (2, 5) Lenny Castro – congas (2, 6), perkusjon Ray Cooper – perkusjon (1, 8), gong (3), bongotrommer (7) Nathan East – bassgitar (2, 5, 6), korvokal (5) Steve Lukather – rytmegitar (2, 6) Shaun Murphy – korvokal (1, 3, 7, 8) Michael Omartian – synthesizer (2, 6) Jeff Porcaro – trommer (2, 6) Greg Phillinganes – synthesizer (5), korvokal (5) John «J.R.» Robinson – trommer (5) J. Peter Robinson – synthesizer (1, 3, 4, 7-10) Ted Templeman – shaker (5), tamburin (5), timbales (6)
Produksjon Produsentar: Phil Collins (spor 1, 3, 4, 7-11); Lenny Waronker & Ted Templeman (spor 2, 5, 6). Lydteknikarar: Nick Launay (spor 1, 3, 4,7-11) & Lee Herschberg (spor 2, 5, 6). Assisterandee teknikar (spor 1, 3, 4, 7-11): Steve Jackson. Miksa av Nick Launay (spor 1, 3, 4, 7-11) & Mark Linett (spor 2, 5, 6). Mikseassistent: Steve (Barney) Chase (spor 1, 3, 4, 7-11) Spor 1, 3, 4, 7-11 spelte inn i AIR Studios (Montserrat i Karibia); Miksa i Townhouse Studios (London i England). Spor 2, 5 & 6 spelte inn i Lion Share Recording Studio (Los Angeles, CA) & Amigo Studios (Nord-Hollywood); Miksa i Amigo Studios. Mastering i Townhouse Studios (London) & Sheffield Lab Matrix (Santa Monica, CA). Produksjonskoordinator (spor 2, 5, 6): Joan Parker Plateomslag: Larry Vigon Fotografi: Patti Clapton
Salslister
Vekeslister Liste (1985)PlasseringCanadian Albums (RPM)20Den japanske albumlista (Oricon)14
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Behind the Sun av Eric Clapton» frå , den 14. mars 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Eric Clapton-album Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Album produserte av Phil Collins Kategori:Album produserte av Ted Templeman Kategori:Album produserte av Lenny Waronker Kategori:Warner Bros. Records-album