«Bell Bottom Blues» er ein song skriven av Eric Clapton og framført av Derek and the Dominos. Han omhandlar ugjengjeldt kjærleik og vart gjeven ut på albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970.
Duane Allman spelte ein del på albumet, men ikkje på denne songen. Det er derfor berre Clapton som spelar gitar på denne songen. Songen er den nest mest kjende frå albumet etter det kjende tittelsporet, «Layla».
Bell-bottom tyder slengbukse, som var populære på denne tida. I følgje Clapton vart songen skriven for Pattie Boyd etter ho bad han skaffe ho eit par slengbukser i USA.Clapton skreiv songen for ho, og mange andre på albumet, som «I Looked Away».Eric Clapton: The Autobiography - Eric Clapton - Century - ISBN 9781846051609 (2007) På enkelte turnear spelte han songen som ein del av eit akustisk sett. Han spelte songen i lag med Bobby Whitlock på Later with Jools Holland i april 2000.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bell Bottom Blues (Derek and the Dominos song)» frå , den 13. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Atco Records-singlar Kategori:Derek and the Dominos-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Matthew Sweet-songar Kategori:Songar skrivne av Eric Clapton Kategori:Songar produserte av Tom Dowd Kategori:Cher-songar