Rising Again er ei utvida utgåve av konsertalbumet Rising frå 1990 av den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i Storbritannia den 22. mai 2001.
Historie Gjennom 1990-åra dukka det opp mange utgåver og forkorta versjonar av konsertalbumet Rising frå 1990. Ingen av desse versjonane inneheldt original tittel eller layout, og mange hadde ikkje heller den originale rekkefølgja på songane. Etter over ti år med desse utgjevingane, fekk Pilot Records rettane til songane frå Rising i Storbritannia.
I staden for å berre gje ut Rising på ny, la Pilot Records merke til at rettane til Mellow Records-songane òg gav dei fleire konsertopptak som tidlegare ikkje var gjevne ut av Donovan i 1980-åra. Dei gav den nye utgjevinga namnet Rising Again og la til elleve songar frå dei same konsertane.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rising Again» frå , den 11. mars 2011.
Bakgrunnsstoff Rising Again - Donovan Unofficial Site
Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 2001 Kategori:Donovan-album