Essence to Essence er det ellevte studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i desember 1973.

Historie På tida då albumet kom ut hadde Donovan gått bort frå glamrock-stilen på Cosmic Wheels frå tidlegare på året. Andrew Loog Oldham vart først inn (erstta Mickie Most) for å produsere albumet i lag med Donovan. Mange av songane hadde alt kome ut på Live in Japan: Spring Tour 1973, men det albumet vart berre gjeve ut i Japan.

Eit klårt teikn på den dalande populariteten til Donovan var at Essence to Essence vart det tredje Donovan-albumet etter H.M.S. Donovan og det tidlegare Fairytale som ikkje nådde Topp 25 i USA. Essence to Essence gjekk ikkje inn på den britiske lista i det heile og nådde berre 174. plass i USA.

På Essence to Essence fokuserer Donovan på spirituelle og meditative tekstar, og ein kan sjå Donovan meditere på plateomslaget. Sjølv om albumet fekk dårleg kritikk då det kom, vart mange av songane på albumet sentrale på konsertane hans utover i 1970-åra og 1980-åra.

Innhald

Medverkande Donovan - vokal, akustisk gitar Henry McCullough, Danny Kortchmar, Doug Schlink, Neil Hubbard, Peter Frampton - elektrisk gitar Alan Spenner, Carl Radle, Leland Sklar, Paul Ossola - bass Danny Thompson - kontrabass på «There is an Ocean» Carole King, Craig Doerge, Jean Roussel, Nicky Hopkins - piano Nicky Hopkins - elektrisk piano på «Operating Manual for Spaceship Earth» Bobby Whitlock - orgel på «Lazy Daze» Bruce Rowland, Denny Seiwell, Jim Gordon, Russell Kunkel - trommer Ray Cooper - perkusjon Tom Scott - blåseinstrument Jack Emblow - trekkspel Chris Nicholls - bassfløyte Simon Jeffes - koto The Scratch Band - korvokal Andrew Powell, Del Newman, Nicky Harrison - strykarar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Essence to Essence» frå , den 11. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Essence To Essence - Donovan Unofficial Site

Kategori:Donovan-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Andrew Loog Oldham Kategori:Epic Records-album Kategori:Plateomslag av John Kosh