«Jennifer Juniper» er ein song og ein singel av Donovan frå 1968. Han gjekk inn på listene i både Storbritannia (5.) og USA (26.). Han er skriven om Jenny Boyd, syster til Pattie Boyd, medan dei var all med The Beatles i Rishikesh. Ho gifta seg med Mick Fleetwood og var ei stund svigerinna til George Harrison og seinare Eric Clapton. Songen inneheld obo, fløyte og fagott. Det siste verset på songen vert sungen på fransk.
B-sida «Poor Cow» er ein song frå filmen Poor Cow av Ken Loach. Den opphavlege tittelen var «Poor Love». Tittelen vart endra då songen var nytta i filmen. Han hadde denne tittelen då han vart nytta som B-side til «Jennifer Juniper» i februar 1968. «Poor Cow» vert introdusert av Donovan som «Poor Love» på konsertalbumet Donovan in Concert (1968).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jennifer Juniper» frå , den 11. mars 2011.
Bakgrunnsstoff Jennifer Juniper (Single) - Donovan Unofficial Site
Kategori:Donovan-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Songar produserte av Mickie Most Kategori:Songar skrivne av Donovan Kategori:Pye Records-singlar Kategori:The Sandpipers-songar