mini|Bruk av hanfu i eit kinesisk bryllaup, brudeparet til høgre. mini|Ungar i hanfu. Måleri frå Song-dynastiet (960-1279). Hanfu (kinesisk 漢服 eller 汉服, pinyin hànfú, minnan eller hanhok, kantonesisk eller honfuk) er den tradisjonelle drakta nytta av han-kineserar i fleire hundreår før mandsjuar grunnla Qing-dynastiet i 1644 og innførte nye klesskikkar i Kina. Kledestilen har endra seg gjennom tidene, men er typisk sett saman av to eller fleire draktdelar av rikelege mengder stoff som er sveipte rundt kroppen og festa med band og få eller ingen knappar. Som mange andre austasiatiske plagg kryssar ein stoffstykka frå kvar side i halsen, og i hanfu blir det lagt vekt på å ha stykket som vender mot høgre øvst. Eit anna vanleg kjenneteikn på desse draktene er svært lange eller vide erme. Dekorasjonar og hovudplagg kan visa beraren sin status. Drakttypen er i slekt med japansk kimono, koreansk hanbok og vietnamesisk áo tứ thân.
Klede ein har forbunde med Kina i nyare tid, som hårpisk og strammare, tettknappa drakter som qipao, har opphav i mandsjuiske kledeskikkar og blei innførte under Qing. Under det tidlege kommuniststyret i landet blei begge typar tradisjonelle drakter forbodne. Dei har i dag gått ut av dagleg bruk blant kinesarar bortsett frå blant nokre geistlege. Ein finn òg døme på bruk av klede med gamle røter i ein del landlege område, men desse draktene er ikkje nødvendigvis rekna som hanfu.
I dag er hanfu mest å sjå i drama som historiske filmar og tv-seriar og kinesisk opera, eller i andre samanhengar som kostyme. Det er også blitt gjort forsøk på å innføra hanfu som nasjonaldrakt i staden for qipao eller vestlege klede, eller som folkedrakt for han-kinesarar. Det blir både rekonstruert historiske drakter og dei blir brukt som inspirasjon for moderne mote.
Soge mini|Kvinner frå Tang-dynastiet kledde i ruqun tilreier nyvevd silke. Kopi av eit måleri frå 700-talet av Zhang Xuan.
Mytologisk blir hanfu knytt til Den gule keisaren, slik også materialet silke, som dei finare draktene stort sett blei laga av, er knytt til kona hans Leizu, som skal ha oppdaga det.
Historisk sett kan ein knyta hanfu til Shang-dynastiet (ca.1600-1000 f.Kr). Deira drakter var sette saman av ein knelang yi med smale erme, festa med tøybelte, og eit smalt, ankelsidt skjørt, chang, og eit stoffstykke, bixi, som nådde knea. Det blei gjerne brukt fargesterke primærfargar.
Under det påfølgjande dynastiet, Vestlege Zhou, blei kleda lausare og ermene vidare, og ein byrja henga jadestykke frå tøybeltet. I dette strengt hierarkiske samfunnet blei klede brukte til å markera status, som ermevidde, skjørtelengde, og dekorasjon.
Under Austlege Zhou blei shenyi, ei drakt der over- og underdel var sydde saman, innført. Festedelen av drakta blei forma som eit hjørne som kunne festast ved høgresida av brystet.
Skildring
Enkle drakter kan ha to eller tre lag: Eit innerplagg og eit plagg utanpå dette som ein lukker som ei kåpe. Utanpå kan ein så ha endå eit ytterplagg, gjerne ulukka. Ein kan bruka mange fleire plagg og dermed oppnå ulike grader av formalitet.
Dei ulike delane som kan setjast saman til ei heil drakt blir kalla: Yi (衣): Eit jakke- eller kåpeaktig plagg brukt av begge kjønn. Ein lukker det ved å legga eine tøystykket over det andre slik at ein får eit y-mønster ved halsen. Pao (袍): Eit heildekkjande plagg utan opning framme, berre brukt av menn Ru (襦): Skjorte med kryssande opning Shan (衫): Skjorte eller jakke med kryssande opning brukt over yi Qun (裙) eller chang (裳): Skjørt for begge kjønn Ku (褲): Bukser
Drakttypar Visse drakter fekk faste namn og bruksområde: BildeNamnSkildring og brukSnitt75px|BanbiBanbi (半臂),banxiu (半袖)Korterma kappe brukt som alminnelege ytterklede av begge kjønn75px|BeiziBeizi (褙子)Kappe med lange erme (vide eller smale) brukt av begge kjønn75px|Chang-aoChang-ao (長襖)Formelle klede for kvinner, utvikla frå zhiduo.75px|DaopaoDaopao (道袍),xingyi (行衣)Formelle klede for menn75px|Huiyi Diyi (翟衣), huiyu (褘衣), miaofu (庙服)Seremonielle klede for kvinner av keisarleg stand med broderi av blomar og fuglar历代皇后最典型的翟衣 , XICI.net, henta 2009-12-0875pxDaxiushan (大袖衫)Formelle klede for kvinner av kongeleg stand75px|LanshanLanshan (襴衫)Formelle klede for lærde og studentar som tok keisarleg eksamen150px|Toppdel av lanshan frå Ming-dynastiet.75px|Mianfu Mianfu (冕服) Seremonielle klede for keisarar75px|Ruqun Ruqun (襦裙) Alminneleg todelt drakt for kvinner 300px|Snitt av ruqun.75px|ShangfuShangfu (常服) Alminnelege keisarlege hoffklede75px|ShenyiShenyi (深衣)Formelle klede for menn300px|Snitt av shenyi75px|YuanlingshanYuanlingshan (圓領衫)Formelle klede for sivile, embetsmenn og adelege100px|Yuanlingshan frå Ming.75px|ZhiduoZhiduo (直裰)Vanleg drakt for menn
Biletdøme
Kjelder Denne artikkelen inneheld stoff frå «Han Chinese clothing» frå , den 10. mars 2011.
Denne artikkelen inneheld stoff frå «List of Han Chinese clothing» frå , den 10. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kinesisk kultur Kategori:Historiske klede Kategori:Kinesiske klede Kategori:Han-dynastiet Kategori:Kinesiske ord og uttrykk