Identity er det einaste albumet til Zee, eit kortvarig band som bestod av klaverspelaren i Pink Floyd, Richard Wright, og Dave Harris frå New Romantic-bandet Fashion. Albumet kom ut i 1984. Wright har seinare sagt at han følte Identity var eit «eksperiment som gjekk feil», og at det aldri skulle ha vorte laga. Albumet vart skriven og produsert av Wright og Harris, og all teksten vart skriven av Harris.

Det vert nytta mykje Fairlight CMI på albumet, ein synthesizer som var populær i 1980-åra. Dette skapar ein særs elektronisk stil som går igjen på alle songane.

«Confusion» vart gjeven ut som singel med «Eyes of a Gypsy» som B-side.

I 2019 kom albumet ut på ny med bonusspor.

Innhald

Medverkande Richard Wright: klaverinstrument, elektronisk perkusjon, Fairlight, korvokal Dave «Dee» Harris: gitar, klaverinstrument, perkusjon, Fairlight, solovokal

Produksjon Produsert av Richard Wright og Dave Harris Lydteknikar og medprodusent: Tim Palmer Ekstra lydspor og miksing av Utopia (London) Design av Dave Harris Fotografi av Paul Cox

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Identity» frå , den 11. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Album produserte av Richard Wright Kategori:Album produserte av Tim Palmer Kategori:Harvest Records-album