Port Arthur er ein by i Jefferson County i den amerikanske delstaten Texas. Han ligg på vestbreidda av Sabine-sjøen med brusamband over Neche-elva til Bridge City. Byen hadde 57 755 innbyggjarar ved folketeljinga i 2000.

Byen blei grunnlagd av jernbaneeigaren Arthur Edward Stilwell sist på 1800-talet. Ein by kalla Aurora eller Sparks hadd allereie lege her sidan 1840-åra, men var blitt forlaten.

Port Arthur bygde seg opp på olje, og hadde ei tid det største nettverket av oljeraffineri i verda.

Folk frå Port Arthur Amy Acuff, høgdehopper G. W. Bailey, skodespelar Janis Joplin, songar «Babe» Zaharias, friidrettsutøver og golfspiller

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Port Arthur, Texas» frå , den 7. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Hunt, Herschiel. The History of Port Arthur. Southern Publishing Concern, 1926. Kategori:Byar i Texas Kategori:Hamnebyar i USA