Asbjørn Osnes () var ein norsk skihoppar i Hønefoss. Under Ski-VM 1958 i Lahti vart han nummer fem i hopprennet og beste nordmann. Tidlegare deltok han i Vinter-OL i 1956, der han vart nummer 18. Han slo gjennom i 1955-sesongen, vann same året si einaste NM-medalje. Etter god hopping i NM-rennet på Voss fekk han 224,9 poeng, eit lite poeng mindre enn noregsmeisteren Sverre Stallvik. I 1958 sette Osnes bakkerekord i Vikersundbakken med 108,5 meter. Han tevla for Jevnaker Idrettsforening og døydde på Jevnaker.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1955: Nr 6 i Lahti 1955/56: Nr 5 i Oberstdorf 1956/57: Nr 10 i Oberstdorf 1958: Nr 5 i VM i Lahti 1959: Nr 12 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1955: Sølvmedalje på Voss Ski-NM 1956: Nr 6 i Drammen Ski-NM 1958: Nr 9 i Oslo Ski-NM 1959: Nr 6 på Gjøvik Ski-NM 1962: Nr 7 i Skien

Bakgrunnsstoff

Osnes sin OL-statistikk

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Jevnaker