Jon Inge Kjørum () er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hamar. Han vann to medaljar i dei store, internasjonale meisterskapane, begge i hopping for lag. Under Vinter-OL 1988 i Calgary var han på det norske laget som vann bronsemedaljar. Ole Christian Eidhammer, Ole Gunnar Fidjestøl og Erik Johnsen var dei andre på laget. Året etter, 1989, vart det sølvmedaljar på Noreg i lagtevlinga under Ski-VM i Lahti. Kjørum og Fidjestøl var atter på laget, Magne Johansen og Clas Brede Bråthen var dei andre sølvmedaljevinnarane.

Kjørum kom på femteplass og var beste nordmann i normalbakken under VM 1989, eit renn som gjekk over berre ein omgang. I storbakken vart han nummer 15. Året før deltok han i sitt fyrste internasjonale meisterskap. Ved sidan av OL-bronsen i lagtevlinga, oppnådde han å verte nummer 15 i rennet i normalbakken. I 1991, to år etter hans beste VM, då landsmennene Rune Olijnyk og Kent Johanssen tok kvar sin sølvmedalje under VM i Val di Fiemme, vart Kjørum som best nummer 19. I sesongen i mellom, 1990-sesongen, hoppa han til ein 12. plass i skiflygings-VM i Vikersund.

Kjørum vart noregsmeister tre år på rad, 1987-89. To av NM-gulla kom i normalbakken, det fyrste og det siste, eitt kom i storbakken. Elles frå NM-tevlingar fekk han med seg to bronsemedaljar. Hans tre einaste pallplasseringar i verdscupen kom i 1989-sesongen. Han vann då storbakkerennet i Liberec, sigeren delte han elles med Pavel Ploc. Ei veke seinare vart han nummer tre i eit normalbakkerenn i Oberhof, bak vinnaren Jens Weissflog og Ole Gunnar Fidjestøl. Weissflog vann klart då Kjørum vart nummer to i Holmenkollen i mars.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1986: Nr 13 i Planica (debut) 1987: Nr 9 i Holmenkollen 1988: Nr 5 i normalbakken under VM i Lahti. Nr 4 i Planica 1989: Siger i Liberec, nr 2 i Holmenkollen, ein tredjeplass i Oberhof 1990: Nr 8 i Lahti og i Planica 1991: Nr 8 i Trondheim 1992: Nr 33 i Predazzo

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1986: Nr 12 i normalbakken på Vang Ski-NM 1987: Gullmedalje i normalbakken i Sprova Ski-NM 1988: Gullmedalje i storbakken på Rena, bronsemedalje i normalbakke i Skien Ski-NM 1989: Gullmedalje i normalbakken i Vikersund Ski-NM 1991: Bronsemedalje i storbakken i Bærum Ski-NM 1992: Nr 4 i normalbakken i Molde

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Jon Inge Kjørum i fis-ski.com Jon Inge Kjørum i olympedia.org

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i skihopping Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Hamar