213 (romartal CCXIII) var eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjent som året då Aurelius og Calvinus var konsular (eller sjeldnare, år 966 ab urbe condita).
Hendingar
Keisar Caracalla forlet Roma og dreiv ut nokre germanske plyndrarar frå Gallia. Mor hans, Julia Domna, styrte riket medan han var borte.
Cao Cao, statsminister i Han-riket, fekk tittelen wei gong (hertug av Wei) og gjeven herredøme over ti byar. Dette blei seinare til Kongeriket Wei.
Fødde
10. mai: Claudius II Gothicus, romersk keisar 268–270 (fødd dette eller neste året) Gregorios Thaumatourgos, kristen biskop og helgen fødd i Niksar
Døde
Tiberius Claudius Cleobulus, romersk politikar Wei Kang (eller Yuanjiang), kinesisk politikar Zhang Ren, kinesisk general under Liu Zhang Zhang Song, kinesisk embetsmann og rådgjevar
Kjelder