William Thomson, lord Kelvin () var ein britisk matematisk fysikar som vert rekna som grunnleggaren av termodynamikk. Han var professor i fysikk ved Universitetet i Glasgow frå 1846 til 1899.
Han vart adla av dronning Victoria i 1892 til baron Kelvin (lord Kelvin) for arbeidet sitt med å leggje ein transatlantisk telegrafkabel. Namnet Kelvin kjem frå elva Kelvin som renn gjennom universitetsområda i Glasgow. Han starta ved dette universitetet ti år gammal, og då han nådde 22 år var han vorte professor her. Han vart vald som medlem av Royal Society i 1851 og var president der i perioden 1890-1895. I 1896 vart han tildelt Knight Grand Cross av Royal Victorian Order og i 1902 vart han ein av dei første medlemmane av Order of Merit. Han er gravlagt i Westminster Abbey i London.
Lord Kelvin tenkte ut den absolutte temperaturskalaen (kelvinskalaen) i 1848 og SI-eininga for temperatur, Kelvin, er kalla opp etter han. I 1951 gav han ut ei betre forklaring av skalaen, samstundes med at han kom fram til den andre termodynamikklova. I 1853 oppdaga han saman med J.P. Joule Joule-Thomson-effekten. I 1856 føresåg han Thomson-effekten. Lord Kelvin arbeidde innan mange område, tenkte ut nye metodar og gjorde mange oppfinningar. Han var konsulent for firmaet som i 1850-åra la den første transatlantiske telegrafkabelen. I dette arbeidet vart det naudsynt å nytte særs følsame måleinstrument, og han konstruerte då speilgalvanometeret
Lord Kelvin vart utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.
Prisar og utmerkingar 1883 – Copleymedaljen
Kjelder
Kategori:Folk frå Belfast Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Elevar ved University of Glasgow Kategori:Britiske baronar Kategori:Irske fysikarar Kategori:Gravlagde i Westminster Abbey Kategori:Order of Merit Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Folk tilknytte elektrisitet Kategori:Folk frå den industrielle revolusjonen Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Presidentar i Royal Society Kategori:Pour le Mérite Kategori:Royal Medal Kategori:Copleymedaljen Kategori:Presidentar i Physical Society Kategori:Termodynamikarar