Olav David Hansson () er ein tidlegare skihoppar frå Røa i Oslo. Under Ski-VM 1982 i Oslo hadde Hansson sin store meisterskap. Han vann sølvmedaljen i storbakkerennet i Holmenkollen, og var med på å vinne laghoppinga saman med Johan Sætre, Per Bergerud og Ole Bremseth. I normalbakken hamn han på sjuandeplass. Han var medlem av Røa Idrettslag.
Karriere Hansson studerte i unge år i USA og vart ikkje lagd merke til i hoppbakken før enn i 1981. Sesongen etter høyrde han heime mellom dei beste hopparane verda, det vart òg hans beste sesong. Han lukkast aldri å vinne eit stort renn. Elleve gonger kom han på pallen i verdscupen; åtte andreplassar og tre tredjeplassar. Fleire gonger var han nær siger, som under skiflygingsrennet i Vikersund 20. februar 1983. Der enda han eit halvt poeng bak Matti Nykänen. Også i NM-tevlingane måtte Hansson nøye seg med sølv- og bronsemedaljar, høvesvis tre sølv og to bronse. Nærast NM-gull var han under storbakkerennet på Lillehammer i 1983. Med 270,8 poeng var han 0,6 poeng bak noregsmeisteren, Per Bergerud.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1982: VM-sølv i Holmenkollen og 2. plass i Štrbské pleso 1983: Fem andreplassar (Cortina d'Ampezzo, Bischofshofen, Thunder Bay, Vikersund, Bærum) og tre tredjeplassar 1985: Nr 7 i Cortina d'Ampezzo 1986: Nr 11 Holmenkollen 1986/87: Nr 2 i Chamonix
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1981: Nr 9 i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1982: Sølvmedalje i storbakken på Rena, bronsemedalje i normalbakken på Raufoss Ski-NM 1983: Sølvmedalje i begge bakkane; høvesvis Mo i Rana og Lillehammer Ski-NM 1986: Nr 4 i normalbakken på Vang Ski-NM 1987: Bronsemedalje i normalbakken i Sprova
Hansson la opp skihoppinga i 1987.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo