Anthony Frederick "Tony" Levin () er ein amerikansk rockemusikar, mest kjend som bassist og utøvar av Chapman Stick.
Levin er mest kjendallmusic for arbeidet sitt med progrockpionerane King Crimson og Peter Gabriel. Han har òg vore medlem av Liquid Tension Experiment; dei King Crimson-tilknytte banda Bruford Levin Upper Extremities, ProjeKct One og ProjeKct Four; og leiar i dag sitt eige Tony Levin Band.
Han har vore ein særs aktiv studiomusikar sidan 1970-åra oghar spelt på om lag fem hundre album, mellom anna av Cher, Alice Cooper, John Lennon, Sarah McLachlan, Stevie Nicks, Pink Floyd, Lou Reed, Tom Waits, Buddy Rich, The Roches, Todd Rundgren, Seal, Yes og Warren Zevon. I tillegg har han turnert med Paul Simon, Gary Burton, James Taylor, Herbie Mann, Judy Collins, Carly Simon, Peter Frampton, Anderson Bruford Wakeman Howe, Peter Gabriel, Tim Finn, Richie Sambora og Claudio Baglioni.
Levin var med å gjere Chapman Stick populær og NS kontrabass. Han skapte òg «funk fingers», eit apparat for å etterlikne lyden ein får når ein slår på strengar med trommestikker.
Levin var ein av dei første bloggarane,Levin's blog, og starta å eksperimentere med dette i 1996, eitt år før uttrykket vart laga.
Utvald diskografi
Levin har spelt på om lag fem hundre album som studiomusikar eller gjesteartist.
Discipline (1981) — King Crimson Beat (1982) — King Crimson Three of a Perfect Pair (1984) — King Crimson Cloud About Mercury (1986) — David Torn Spin 1ne 2wo (1993) — Spin 1ne 2wo THRAK (1995) — King Crimson World Diary (1995) — solo Black Light Syndrome (1997) — Bozzio Levin Stevens From the Caves of the Iron Mountain (1997) — Gorn, Levin, Marotta Liquid Tension Experiment (1998) — Liquid Tension Experiment Bruford Levin Upper Extremities (1998) — Bruford Levin Upper Extremities Liquid Tension Experiment 2 (1999) — Liquid Tension Experiment Waters of Eden (2000) — solo Situation Dangerous (2000) — Bozzio Levin Stevens B.L.U.E. Nights (2000) — Bruford Levin Upper Extremities Pieces of the Sun (2002) — solo Double Espresso (2002) — solo Resonator (2006) — solo Stick Man (2007) — solo Spontaneous Combustion (2007) - Liquid Trio Experiment When the Keyboard Breaks: Live in Chicago (2009) - Liquid Trio Experiment 2 Soup (2010) - Stick Men
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tony Levin» frå , den 24. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:Chapman Stick-utøvarar Kategori:King Crimson-medlemmar Kategori:Peter Gabriel Kategori:Folk frå Massachusetts Kategori:Jødisk-amerikanske musikarar