Risøy Folkehøyskole er ein kristen folkehøgskule i Gjeving i Tvedestrand kommune. Skulen tek årleg imot vel 125 elevar og er eigd av Stiftelsen Risøy Folkehøyskole. Det står tre kyrkjelege organisasjonar bak skulen: Sjømannskirken, Den norske Broderkretsen på Havet og Normisjon (tidlegare Indremisjonen).

Skulen vart skipa i 1935 som Risøy ungdomsskole for sjømenn, og han ligg på ei 550 mål stor øy som høyrer til skulen. Ein av eldsjelene bak skipinga av skulen var Terje A. Mørland. Han skal ha reist til Oslo og forhandla kjøpet av øya med riksadvokaten.

Linjefag ved skulen er: Aktiv, bu og fritid Dykking Go to Gate Interiørdesign Musikk, dans, drama Redning, tryggleik og leiing Segl, surf og kite Sjøsport og friluftsliv Skjærgårds Music&Mission -Festivalleiing Teikning og grafikk

Det vert undervist i linjefaget 2 dagar (12 timer) i veka. I tillegg vel elevane eit fordjupingsfag (5 timer per veke) og valfag (4 timer per veke).

Kjelde

Denne artikkelen byggjer på «Risøy Folkehøyskole» frå , den 17. februar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folkehøgskular i Agder Kategori:Tvedestrand kommune Kategori:Utdanningsinstitusjonar skipa i 1935 Kategori:1935 i Noreg