The Man og The Journey er namn på to albumlange musikksuitar framført på konsertar av Pink Floyd i 1969. Dei bestod av tidlegare songar i lag med nye songar som kom ut på Music from the Film More og Ummagumma, samt nokre songar som ikkje vart gjevne ut. Konsertane bestod òg av visuelle element som saging og bygginga av eit bord, og drikking av te på scenen.
Konseptet vart første gong framført 14. april 1969 i Royal Festival Hall på eit show kalla The Massed Gadgets of Auximenes - More Furious Madness from Pink Floyd. Ein forkorta versjon av showet vart innspelt 12. mai 1969 for Top Gear. 17. september vart verket framført i Concertgebouw i Amsterdam, eit show som er mykje piratkopiert fordi det vart sendt på radiostasjonen VPRO. Det vart vurdert å gje ut eit konsertalbum av The Man and the Journey, men dette vart skrinlagd då Ummagumma kom ut.
Bandmedlemmane har sjeldan referert til suitane i seinare intervju. Likevel kan kombinasjonen av kvadrofoniske lydeffektar, abstrakt programmusikk og gjentakande tema alle sporast tilbake til The Man og The Journey. Desse vart vidare utvikla av bandet i den mest kjende musikken hans.
I 2016 vart eit konsertopptak av of The Man and The Journey gjeve ut for første gongen i plateboksen The Early Years 1965-1972, på plata 1969: Dramatis/ation. Denne vart spelt inn i Amsterdam den 17. september 1969. «Teatime»-delen av konserten var ikkje med på plata, då denne berre bestod av at bandet vart servert te på scenen.
Setliste frå Amsterdam-konserten 1969
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «en:The Man and the Journey» frå , den 15. februar 2011. oppgav desse kjeldene: "The Man and The Journey" Amsterdam-innspeling (Podcast) Diskusjon og setlister The Auximines Project, som gjev instruksjonar om korleis ein kan gjenskape settet med å nytte songar frå forskjellige Pink Floyd-album
Man and the Journey, The