Elias Didrichsen () var ein norsk lærar, kjøpmann og stortingsmann frå Moi i Rogaland. Didrik Sigbjørnsen var far hans.
Didrichsen vart seminarist frå Holt seminar i 1842, Dei neste tre åra var han privatlærar i Sokndal. I 1845 vart han tilsett som førstelærar ved folkeskulen i Flekkefjord, ei stilling han hadde til han i 1873 vart styrar og rekneskapsførar for brennevinssamlaget i byen. Han var medlem av bystyret frå 1851 til han døydde, i til saman fjorten år var han ordførar. Forlikskommisær frå 1867.
Didrichsen representerte Flekkefjord på Stortinget periodane 1871-76 og 1880-88. Både 1871-73, 1874-76 og 1880-82 var han medlem av kyrkjekomiteen, sekretær 1876 og 1880-82. Dei to siste valperiodane på Stortinget var han medlem av næringskomite nr 2.
Våren 1888 døydde han i Kristiania under stortingsopphaldet.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Flekkefjord Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Lund Kategori:Norske rekneskapsførarar