Michael Nissen Luytkis () var ein norsk prest og stortingsmann frå Trondheim.

Luytkis var son til ein skipper. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1786 og cand. theol. fem år seinare. I 1793 vart han residerande kapellan i Nærøy, deretter sokneprest i Kolvereid 1797-1824. Frå 1824 var han sokneprest i Skogn, der han døydde etter berre tre år.

Luytkis var 3. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1818. Han var medlem av 14 komitear. Fleire av komiteane gjaldt tilhøve kring skule og kyrkje.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske prestar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Folk frå Trondheim