ABU Song Festivals er ein låtskrivartevling basert på Eurovision Song Contest. Formatet er sett saman av to tevlingar: ABU TV Song Festival og ABU Radio Song Festival.
Kvart deltakarland vil sende ein song som vil verte framført direkte på radio og fjernsyn og deretter røyste fram ein vinnar.
Historie Konseptet vart fyrst gjort kjend i 2007, då Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) kunngjorde at dei skulle selje Eurovision-konseptet til eit asiatisk selskap. Tevlinga skulle verte om lag identisk med Eurovision Song Contest.
Tevlinga fekk opphavleg namnet Asiavision Song Contest, men namnet var endra til Our Sound: The Asia-Pacific Song Contest etter ei avtale mellom arrangørane og Den asiatiske kringkastingsunionen (ABU), som nyttar namnet Asiavision på sine nyhendeutvekslingar.
Den fyrste utgåva skulle vorte sendt i 2009. Seinare vart han utsett til 2010. I 2012 annonserte ABU at tevlinga ville verte halden i Seoul i Sør-Korea 14. oktober 2012 under namnet ABU TV Song Festival. Siste frist for å sende inn bidrag var 18. mai 2012.ABU TV Song Festival,The 1st ABU TV Song Festival,14 October 2012 (Seoul, Republic of Korea) , 6,5,2012.
Format Formatet er sett saman av to tevlingar: ABU TV Song Festival og ABU Radio Song Festival. 26 songar frå 16 land tevla i ABU Radio Song Festival som var arrangert i Seoul, medan elleve land tevla i ABU TV Song Festival som vart halden om lag samstundes med radiotevlinga.
Sjå òg ABU Radio Song Festival ABU TV Song Festival Eurovision Song Contest
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Asia-Pacific Song Contest» frå , den 7. februar 2011.
Kategori:Musikktevlingar Kategori:Asia Kategori:Oseania Kategori:ABU Kategori:Skipingar i 2012