Melodi Grand Prix Junior Nordic (MGP jr. Nordic) er ei musikktevling for born mellom 8 og 15 år i dei nordiske landa. Ho vert arrangert på omgang av NRK, DR, SVT og YLE. Det er berre Finland som enno ikkje har arrangert tevlinga. Den danske musikktevlinga Dansk Melodi Grand Prix Junior vart arrangert fyrste gong i 2000 i Danmark, og suksessen vart gjentatt i 2001. I 2002 hadde idéen slått så godt an at han vart utvida til heile Norden, og Melodi Grand Prix Junior Nordic vart arrangert som eit samarbeid mellom Noreg, Sverige og Danmark. I 2007 vart Finland òg med i tevlinga.
Kvart deltakarland vel ut to (tidlegare tre) songar til tevlinga, som vert vist på direktesendt TV. Det blir så arrangert ei avstemming der kvart land kan stemme på songane frå dei andre songar for å kåre ein vinnar. Kvart deltakarland deltar gjennom ein nasjonal fjernsynskanal, som har ansvar for å velje ut kva artistar og songar som skal delta i konkurransen.
Deltakarar
Fire land har deltatt minst ein gong i konkurransen. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:
ÅrLand som debuterte i konkurransen2002, , 2007
Vinnarar
ÅrVertsbyVinnarlandVinnarsongArtistSpråk 2002 København «Kickflipper» Razz Dansk 2006 Stockholm «Tro på os to» SEB Dansk 2007 Oslo «Bæstevænna» Celine Helgemo Norsk 2008 Århus «Oro jaska beana» The BlackSheeps Norsk, samisk 2009 Stockholm «En vanlig dag» Ulrik Munther Svensk
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «MGP jr. Nordic» frå , den 6. februar 2011.