Eurovision Song Contest 1972 var den 17. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Det var 18 land som deltok, og vinnaren blei Luxembourg med låten «Après toi», framført av Vicky Leandros. Noreg blei for fyrste gong representert av ein duo: Grethe Kausland og Benny Borg. Dei song «Småting» og blei nummer 14 av 18.

Tevlinga blei arrangert laurdag 25. mars 1972 i Usher Hall i Edinburgh i Storbritannia. Eigentleg skulle Monaco ha stått vertskap etter å ha vunne året før, men den monegaskiske kringkastaren hadde verken økonomi eller kapasitet til å arrangere finalen. Dimed trådde BBC inn som vert, slik kringkastaren også hadde gjort i 1960 og 1963. Dette var fjerde gongen Storbritannia arrangerte finalen, og programleiaren var Moira Shearer.

Bakgrunn I 1971 vann Monaco med «Un banc, un arbre, une rue», og dimed var det Monaco som skulle arrangere Eurovision Song Contest 1972. Etter sigeren ønskte den monegaskiske kringkastaren TMC å arrangere 1972-tevlinga på ein friluftsarena i juni. Kanalen prøvde også å framskunde ferdigstillinga av ein ny innandørsarena i Monaco, utan å lukkast.

TMC søkte støtte frå den franske ålmennkringkastaren ORTF, men dei to kringkastarane blei ikkje einige om tevlinga skulle haldast i Monaco eller Frankrike. Til slutt trødde Den europeiske kringkastingsunionen inn og tilbaud arrangementet til Spania og Tyskland som blei nummer to og tre i 1971, men begge takka nei. Til slutt fekk EBU overtalt BBC til å arrangere finalen i 1972, og dette var tredje gongen BBC trådde inn som reserve-vert. Monaco er det einaste landet i Eurovision Song Contest som har vunne, men som ikkje har arrangert ein finale.

Sendinga venstre|miniatyr|Usher Hall har kapasitet til opptil 2200 publikummarar. BBC la for fyrste gong finalen utanfor London, til Edinburgh i Skottland. Det er også einaste gongen BBC har arrangert tevlinga utanfor England. Finalen blei arrangert i konsertarenaen Usher Hall, med Moira Shearer som programleiar. Atten land – dei same som året før – stilte i tevlinga, og startrekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking. På same måte som tidlegare blei programmet kringkasta til mange land som ikkje deltok, blant anna fleire austeuropeiske land, Brasil og fleire asiatiske land. Sendinga hadde eit potensielt publikum på 400 millionar sjåarar. Sendinga varte i 1 time og 45 minuttar.

Røystesystemet var det same som året før. Kvart deltakarland hadde to lekdommarar på plass i Edinburgh, og kvar av dommarane bedømde songane frå de andre landa med poeng frå 1 til 5. Dei 36 dommarane høyrde og bedømde bidraga frå storsalen i Edinburgh Castle.

Etter ein kort presentasjonvideo om Edinburgh ønskte programleiar Moira Shearer velkommen på engelsk og fransk, før Tyskland gjekk på scena som fyrste land. For fyrste gong i historia til Eurovision Song Contest blei det brukt ein videovegg som viste bilete av artistane, namn og songtitlar. Pausenummeret før avrøystinga var ein kortfilm frå Edinburgh Military Tattoo, filma fire år tidlegare.

Irland deltok for fyrste, og hittil einaste, gong med eit bidrag på irsk. Den store favoritten dette året var vertsnasjonen som stilte med den populære popgruppa The New Seekers og låten «Beg, Steal or Borrow». Noreg var det sjette bidraget på scena, rett etter Storbritannia. Nest siste land ut var Luxembourg med Vicky Leandros og «Après toi». Leandros hadde også delteke for Luxembourg fem år tidlegare og gjort kommersiell suksess med «L'amour est bleu». I 1967 blei ho nummer fire, men denne gongen gjekk ho heilt til topps – framfor Storbritannia som fekk sin åttande andreplass i tevlinga. Yves Desca, som hadde skrive vinnarsongen, skreiv også teksten til «Un banc, un arbre, une rue», som vann året før. Han blei dimed den fyrste som vann tevlinga to gongar, den fyrste som vann for to ulike land, og den fyrste som vann to år på rad.

Vinnarlåten «Après toi» blei ein stor hit i heile Europa etter finalen. Den engelske versjonen låg 16 veker på den britiske singellista med ein andreplass som høgaste notering. Han nådde også toppen i Nederland, Sveits og Belgia. Men i Noreg blei andreplassen «Beg, Steal or Borrow» ein enda større hit. Det britiske bidraget toppa VG-lista åtte veker på rad, mens «Après toi» låg på andreplass på lista. Også fjerdeplassen, nederlandske «Als het om de liefde gaat», blei ein stor hit i Noreg. Grethe Kausland spela han inn under tittelen «Sommeren er her», mens Stein Ingebrigtsen og Inger Lise Rypdal spelte han inn i nytt arrangement under tittelen «Hva har vel du».

Finland, Sverige og Noreg blei høvesvis nummer 12, 13 og 14. Vinnaren frå året før, Monaco, blei nummer 16, mens Malta kom på sisteplass for andre år på rad.

Det norske bidraget miniatyr|Sandra og Andres fekk ein stor hit med «Als het om de liefde gaat». For fyrste gong representerte ein duo Noreg i Eurovision Song Contest. Grethe Kausland og Benny Borg vann den norske finalen med «Småting», skriven av Kåre Grøttum og Ivar Børsum. Benny Borg er svensk og dette var også fyrste gongen Noreg blei representert av ein utanlandsk artist. Med til Edinburgh var Carsten Klouman for fyrste gong med som norsk dirigent. Roald Øyen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK Radio, og dei to norske jurymedlemmane var Sonja Abusdahl og Rachel Nord.

«Småting» fekk til saman 73 poeng frå dei internasjonale dommarane og blei nummer 14 av 18 bidrag. Dette var likevel betre enn dei to føregåande plasseringane til Noreg: sisteplass i 1969 og nest sisteplass i 1971.

Avrøystinga EBU brukte det same røystesystemet som året før. Kvart deltakarland stilte med to dommarar som var på plass i Edinburgh. Den eine dommaren måtte vere under 25 år, og den andre måtte vere over 25 år. I tillegg måtte det vere minst ti år mellom dei to dommarane. Kvar dommer bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Kvart land gav dimed mellom 2 til 10 poeng til kvart av dei andre landa. Eit land kunne dimed få minimum 34 poeng, og maksimalt 170 poeng. Clifford Brown var EBU sin overoppsynsmann for avrøystinga.

Under avrøystinga røysta tre og tre land om gongen, direkte frå storsalen i Edinburgh Castle. Kvar jurymedlem gav poenga sine for open skjerm ved å vippe opp små tavler påført den respektive poengsummen. Poenga for dei seks dommarane frå tre land blei deretter summert og plotta inn i den elektroniske poengtavla.

Luxembourg tok leiinga frå start, med Nederland og Storbritannia like bak. Luxembourg og Nederland heldt følgje eit stykke uti avrøystinga, men så begynte Luxembourg å dra ifrå. På slutten av avrøystinga gjekk også Storbritannia og Tyskland forbi Nederland.

Til slutt vann Luxembourg med 128 poeng, 14 poeng føre Storbritannia på andreplass. Dette var den tredje sigeren til Luxembourg i tevlinga, og den åttande andreplassen til Storbritannia. Dei norske dommarane gav 8 poeng til Luxembourg og full pott til Storbritannia.

Deltakarar Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen finst i kolonnane til høgre. Startnr.LandArtistSongSpråkPlassPoeng01 Mary Roos«Nur die Liebe läßt uns leben» Tysk 310702 Betty Mars«Comé-comédie» Fransk 118103 Sandie Jones«Ceol an Ghrá»Irsk157204 Jaime Morey«Amanece» Spansk108305 «Beg, Steal or Borrow» Engelsk 211406 Grethe Kausland og Benny Borg«Småting» Norsk 147307 Carlos Mendes «A festa da vida»Portugisisk79008 Véronique Müller«C'est la chanson de mon amour» Fransk 88809 Helen og Joseph«L-imħabba» Maltesisk 184810 Päivi Paunu og Kim Floor «Muistathan»Finsk127811 Milestones«Falter im Wind» Tysk 510012 Nicola di Bari«I giorni dell'arcobaleno» Italiensk 69213 Tereza Kesovija«Muzika i ti» Serbokroatisk 98714 «» Svensk 137515 Anne-Marie Godart og Peter MacLane«Comme on s'aime» Fransk166516 Serge og Christine Ghisoland«À la folie ou pas du tout» Fransk 175517 Vicky Leandros«» Fransk 112818 og Andres«» Nederlandsk 4106

Artistar som har delteke tidlegare ArtistLandDeltok iMerkandar1966Deltok for MonacoVicky Leandros196719681971

Poengtavle Tavla er ordna etter stemmerekkefølgja i finalen. DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass869566545575887761073552972354235267868111434464363433554657215 Spania755 3863445327835583108962 10482777969488114243654 5257325444647314347742 6524947471059074565472 478554647588832426222 5222332244818433656433 3344586878126666355754 68105459100545323679666 486665926745854524332 498868795353354245437 5755751343435622553343 4456516234252335423224 63551798921087646891087891281668898563963965271064

Toppoeng Kvart land kunne gje inntil 10 poeng til kvart bidrag. Under er ei oversikt over alle 10-poengarar som blei gjevne under avrøystinga. TalMottakarlandLand som gav 10 poeng:2 LuxembourgStorbritannia, Jugoslavia1 ØsterrikeSverige PortugalLuxembourg StorbritanniaNoreg

Kommentatorar, dirigentar og jurymedlemmar 28 land kringkasta finalen. For fyrste gang blei Eurovision Song Contest direkteoverført til asiatiske land som Japan, Taiwan, Thailand, Filippinane og Hongkong. Brasil og Hellas sendte også tevlinga, mens Israel og Island sendte tevlinga i opptak nokre dagar etter. Kvart deltakarland hadde eigne dirigentar samt kommentatorar som formidla informasjon, fargar og hendingar direkte til sjåarane hjemme. Roald Øyen kommenterte finalen direkte frå Edinburgh for NRK Fjernsynet og NRK Radio. Oversikt over kommentatorar, dirigentar og poengopplesarar under Eurovision Song Contest 1972: LandKringkastarKommentatorDommararDirigentARDHanns Verres (Deutsches Fernsehen)Paul KuhnORTFPierre Tchernia (Première Chaîne de l'ORTF)Franck PourcelRTÉMike Murphy (RTÉ Television), Kevin Roche (Radio Éireann)Colman Pearce RTVEJulio Rico (TVE1)Emma Cohen (under 25)Luis María Ansón (over 25)Augusto AlgueróBBC Tom Fleming (BBC1), Pete Murray (BBC Radio 1)Doreen Samuels (under 25)Robert Bruce Walker (over 25)David MackayNRKRoald Øyen (NRK Fjernsynet og NRK Radio)Rachel Nord (under 25)Signe Abusdahl (over 25)Carsten KloumanRTPHenrique Mendes (I Programa)Pedro Sousa Macedo (under 25)Maria João Aguiar (over 25)Vasco Hogan Teves, 1964–1983 20 anos de Festival RTP da CançãoRichard HillTV DRS, TSR og TSITheodor Haller (TV DRS), Georges Hardy (TSR),Giovanni Bertini (TSI)Jean-Pierre FestiMTVNorman Hamilton (MTV)"Eurovision Song Contest 1972", Times of Malta, 25. mars 1972Mary Rose Mallia (under 25)Joe Zerafa (over 25)"Views and comments on the Eurovision Song Contest", Times of Malta, 29. mars 1972Charles CamilleriYleHeikki Seppälä (TV1)Merita Merikoski (under 25)Åke Granholm (over 25)Ossi RunneORFErnst Grissemann (FS2)Erich KleinschusterRaiRenato Tagliani (Programma Nazionale)Gianfranco ReverberiJRTMilovan Ilić (Televizija Beograd), Oliver Mlakar(Televizija Zagreb), Tomaž Terček (Televizija Ljubljana)Vera Zlokovic (under 25)Veljko Bakasun (over 25)Vladimir PinzovskiNikica KalogjeraSveriges RadioBo Billtén (TV1)Leif Thorsson. Melodifestivalen genom tiderna (2006), s. 94. Stockholm: Premium Publishing AB. Titti Sjöblom (under 25)Arne Domnérus (over 25)Mats OlssonTélé Monte-CarloPierre Tchernia (Télé Monte-Carlo)Raymond BernardBRT og RTBArlette Vincent (RTB), Herman Verelst (BRT)Francis BayCLTJacques Navadic (Télé-Luxembourg)Henri SegersNOSPim Jacobs (Nederland 1)Jennifer Baljet (under 25)Cornelis Wagter (over 25)Harry van Hoof

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 1972» frå , den 24. mai 2023.

Bakgrunnsstoff

Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest

Kategori:Eurovision Song Contest

Kategori:1972 i Storbritannia Kategori:Musikktevlingar i 1972