Eurovision Song Contest 1965 var den tiande utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songkonkurransen for medlemsorganisasjonane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Konkurransen vart halden i Italia for første gong, som følgje av sigeren til landet i 1964 med Gigliola Cinquetti og «Non ho l'età».
Sendinga vart arrangert og produsert av den italienske ålmennkringkastaren Rai og gjekk av stabelen laurdag 20. mars 1965 i konsertsalen til Rai, . Programleiar var .
Talet på deltakarar steig til rekordhøge 18 land, sidan Sverige returnerte etter eitt års fråvær, og Irland deltok for første gong. Luxembourg vann sin andre siger med France Gall og «». Vinnarsongen vart ein stor slager over heile Europa og toppa mellom anna den norske singellista. Storbritannia vart nummer to for andre år på rad. Dette var britane sin femte andreplass fram til då. Frankrike vart nummer tre, Austerrike nummer fire, og vertslandet Italia kom på femteplass. Noreg var representert av Kirsti Sparboe, som song «Karusell» inn til ein delt trettandeplass.
Bakgrunn venstre|miniatyr|Konsertsalen der konkurransen fann stad. Her frå opninga av salen i mars 1963. Foto: Angelo Procino. Som følgje av sigeren til Gigliola Cinquetti med «Non ho l’età» i 1964, var Italia for første gong vertskap for Eurovision Song Contest. Den italienske ålmennkringkastaren Rai la konkurransen til Centro di produzione Rai di Napoli i Napoli, sør i Italia. Komplekset opna to år tidlegare.
Rai marknadsførte konkurransen under det italienske namnet Gran premio Eurovisione della canzone 1965 (norsk ‘Eurovisjonens store songpris 1965’).
Ny deltakarrekord Sverige var tilbake etter artiststreiken året før, og Irland debuterte i konkurransen. Dermed steig talet på deltakarland frå 16 til 18 nasjonar, noko som var ny rekord. Startrekkjefølgja vart avgjord ved loddtrekking under eit planleggingsmøte i EBU i februar. Nederland starta, medan Sveits avslutta. Noreg fekk startnummer sju. Konkurransen når jernteppet Sidan starten i 1956 hadde Eurovision Song Contest berre vorte sendt til landa i Eurovisjonsnettverket, hovudsakleg til den vestlege og nordlege delen av Europa. Dette året vart konkurransen for første gong overført til Sentral- og Aust-Europa gjennom den austlege systerorganisasjonen til EBU, Intervision.
På denne tida var det eit skarpt skilje mellom det liberale Vesten og det sovjetkontrollerte, kommunistiske Sentral- og Aust-Europa, ofte omtala som «jernteppet». Fleire område bak jernteppet hadde likevel kunna sjå Eurovision Song Contest før 1965 gjennom nærliggjande vesteuropeiske fjernsynskanalar. Til dømes kunne store delar av Aust-Tyskland følgje konkurransen via vesttyske Deutsches Fernsehen. Frå 1971 kunne sjåarar i nordlege Estland sjå konkurransen via finske Yle.
Format Kvart deltakarland deltok via ein kringkastar som var medlem av EBU. Landa stilte med eitt bidrag kvar, og dette skulle framførast av ein solist eller ein duo.
På denne tida fanst det ingen reglar for kva språk artistane kunne syngje på. Sedvanen var at dei song på eit av dei offisielle språka i landet dei representerte. Sverige braut denne sedvanen då den svenske operasangaren Ingvar Wixell framførte «Annorstädes vals» på engelsk – under tittelen «Absent Friend». Hendinga førte til at EBU innførte ein språkregel etter konkurransen. Frå 1966 måtte alle land syngje på eit av sine offisielle språk. Med unntak av åra 1973–1976 galdt språkregelen fram til 1999. Sendinga Finalen vart halden laurdag 20. mars 1965 frå klokka 22.00 til 23.38 sentraleuropeisk tid. Konkurransen vart leia av den då 30 år gamle italienske songaren, skodespelaren og tv-verten . Sendinga vart produsert i svart-kvitt og varte i 1 time og 38 minutt.
Til saman overførte 23 land sendinga: dei 18 deltakarlanda samt Polen, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland.
Sendinga starta med bilete frå konsertsalen til Rai før orkesterleiar Gianni Ferrio kom på scena og dirigerte Rais konsertorkester gjennom det korte musikalske opningsnummeret. Orkesteret akkompagnerte òg dei 18 bidraga, og dei fleste deltakarlanda stilte med eigen dirigent.
Deretter kom programleiar Renata Mauro på scena og ønskte sjåarar og lyttarar velkomne på italiensk, fransk og engelsk. Så starta framføringa av dei 18 deltakarbidraga. miniatyr|France Gall vann konkurransen med 32 poeng. Etter at alle landa hadde framført songane sine, var det ein pause på fem minutt før røystinga. Pauseinnslaget var den italienske operasangaren Mario Del Monaco, som song «’O paese d’ ’o sole» og «O sole mio» i tradisjonell napolitansk stil. Deretter introduserte Renata Mauro EBUs oppsynsmann for røystinga, Miroslav Vilček.
Røystinga Som året før hadde kvart land ei jurygruppe på ti medlemer. Kvart medlem hadde tre røyster som kunne fordelast etter eige ønskje – men ikkje til songen frå sitt eige land. Landet som fekk flest røyster frå dei ti jurymedlemene, fekk 5 poeng. Andreplassen fekk 3 poeng, medan tredjeplassen fekk 1 poeng frå juryen.
Dersom berre to land fekk røyster frå jurymedlemene, fekk favoritten 6 poeng og andreplassen 3 poeng. Dersom alle jurymedlemene gav alle røystene sine til eitt og same land, fekk dette landet 9 poeng frå juryen. Alle dei belgiske jurymedlemene røysta berre på Storbritannia og Italia, og difor gav Belgia 6 poeng til Storbritannia og 3 poeng til Italia.
Luxembourg tok leiinga frå start og heldt henne gjennom heile røystinga. Berre Storbritannia var i nærleiken av å truge vinnaren, men enda til slutt på andreplass for femte gong. Dette fekk den britiske kommentatoren David Jacobs til frustrert å utbryte: «Det er heilt utruleg, kvart bidige år ser vi ut til å kome på andreplass!» I likskap med dei tre føregåande åra kom fire land også dette året sist utan poeng: Spania, Vest-Tyskland, Belgia og Finland.
Vinnarsongen «» var skriven av den kontroversielle Serge Gainsbourg og fekk stor kommersiell suksess etter sigeren. Han toppa VG-lista i Noreg som den første Eurovision-vinnaren til då. Songen vart òg nominert som ein av dei 14 beste songane i Eurovision Song Contest gjennom tidene i jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest, som vart halde i oktober 2005.
Det norske bidraget thumb|Kirsti Sparboe framfører «Karusell». Noreg deltok for sjette gong, og for første gong med Kirsti Sparboe. Ho vart vald til å representere Noreg etter at «Karusell» vann den norske finalen i februar. Den norske vinnaren vart for første gong kåra av sjåarane og lyttarane gjennom ei postkortavrøysting. Med til Napoli var Øivind Bergh tilbake som norsk dirigent, medan Erik Diesen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK Radio. Noreg vart til slutt nummer 13 av 18, saman med Portugal. «Karusell» fekk berre 1 poeng i røystinga, frå Austerrike.
Sverre Christophersen las opp poenga frå den norske jurygruppa frå studio på NRK Marienlyst i Oslo. Den norske jurygruppa røysta slik: PoengLand531
Deltakarar og resultat Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen finnes i kolonnene til høgre. Startnr.LandArtistSongSpråkPlassPoeng01«»Nederlandsk11502Kathy Kirby«»Engelsk22603 Spania«»Spansk15004«»Engelsk61105«»Tysk15006«»Tysk41607Kirsti Sparboe«Karusell»Norsk13108«»Nederlandsk15009«»Fransk9710Ingvar Wixell«»Engelsk10611«»Fransk32212«»Portugisisk13113«»Italiensk51514«»Dansk71015France Gall«»Fransk13216«»Finsk15017«» (Чежња)Serbokroatisk12218«»Fransk88
Artistar som hadde delteke tidlegare ArtistLandDeltok i Spania196119631964
Poengtavla Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen. DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass55115163155262 Spania0153531160153553164111301551179336101313531522311133113331155551075135531153321015112123588
Toppoeng Kvar jurygruppe gav 1, 3 og 5 poeng til sine tre favorittsongar. Jurygruppene kunne også gje 6 og 3 poeng til sine to favorittsongar, eller alle 9 poenga dersom juryen berre hadde ein favoritt. Under er toppoenga til kvart land: TalLand som fekk toppoengToppoeng frå LuxembourgAusterrike, Finland, Nederland, Vest-Tyskland StorbritanniaBelgia (6 poeng), Danmark, Spania, Sveits AusterrikeIrland, Portugal DanmarkLuxembourg, Sverige FrankrikeMonaco, Jugoslavia IrlandItalia MonacoStorbritannia NederlandNoreg SveitsFrankrike
Dirigentar Mens Gianni Ferrio , hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.
Dolf van der Linden Eric Robinson Adolfo Ventas Gianni Ferrio Alfred Hause Gianni Ferrio Øivind Bergh Gaston Nuyts Raymond Bernard William Lind Franck Pourcel Fernando de Carvalho Gianni Ferrio Arne Lamberth Alain Goraguer George de Godzinsky Radivoje Spasić Mario Robbiani
Kommentatorar og poengopplesarar Poengopplesarar Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.
Dick van Bommel Alastair Burnet Pepe Palau Frank Hall Lia Wöhr Walter Richard Langer Sverre Christophersen Ward Bogaert Ukjend Edvard Matz Jean-Claude Massoulier Maria Manuela Furtado Daniele Piombi Claus Toksvig Ukjend Poppe Berg Ukjend Alexandre Burger
Kommentatorar og sendingar Alle 18 deltakerlanda overførte finalen direkte. Kvart land hadde eigne kommentatorar som formidla informasjon, farger og hendingar direkte til sjåarane heime. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1965: LandKringkastarKanalKommentatorKjelde AusterrikeORFWilly Kralik BelgiaBRTNederlandsk: Herman VerelstRTBFransk: Paule Herreman DanmarkDanmarks RadioDR TVSkat Nørrevig FinlandYleFinsk: YleisohjelmaFinsk: Erkki MelakoskiRuotsinkielinen ula-ohjelmaSvensk: Jerker Sundholm FrankrikePremière ChaînePierre Tchernia IrlandTelefís ÉireannBunny CarrKevin Roche ItaliaProgramma NazionaleRenato Tagliani JugoslaviaSerbisk: Slovensk: Tomaž TerčekKroatisk: LuxembourgTélé-LuxembourgBrukte den franske kommentatoren MonacoBrukte den franske kommentatoren NederlandNederland 1Ukjend NoregNRKNRK FjernsynetNRK Radio, sendt i opptak frå 22.30 PortugalGomes Ferreira SpaniaUkjend StorbritanniaBBCBBC1David Jacobs SveitsSRG SSRTysk: Theodor HallerFransk: Jean CharlesBrukte den italienske kommentatoren SverigeBerndt Friberg Vest-TysklandARDDeutsches FernsehenHermann Rockmann
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land I tillegg til dei 18 deltakerlanda blei sendinga for første gang overført til Sentral- og Aust-Europa gjennom Intervision. Ifølge arrangørane blei sendinga send i Polen, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland. Under er ein oversikt over stadfesta sendingar: LandKringkastarKanalKommentatorKjelde UngarnUkjend, sendt i opptak 11. september 1965
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «ESC 1965» og «ESC 1965» frå og VG.no, den 2. februar 2011. Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 1965» frå , den 13. februar 2026.
Kategori:Musikk i 1965 Kategori:Eurovision Song Contest 1965 Kategori:1965 i Italia