Thomas Montgomery Newman () er ein USA-amerikansk filmmusikkomponist frå Los Angeles, California.
Karriere
Thomas Newman kjem frå ein familie av filmmusikarar. Både faren, Alfred Newman, onkelen Lionel Newman, broren David Newman og syskenborna Randy Newman og Joey Newman har drive med musikk, og særskilt filmmusikk.
Thomas Newman gjekk på Yale University før han tok til med filmkomposisjon i 1984. Gjennombrotet kom i 1994 då han komponerte filmmusikken til Little Women og Frihetens regn, og sidan har han komponert filmmusikk til ei rekkje filmar. Framleis har han ikkje vunne Oscar-prisen, sjølv om han har vore nominert 10 gonger. Han har derimot vunne BAFTA-prisen og to Grammy-prisar.
Newman er gift og har tre born.
Filmmusikk av Thomas Newman
Reckless (1984) Revenge of the Nerds (1984) Jumpin' Jack Flash (1986) Stekte grønne tomater (1991) Whispers in the Dark (1992) Duften av kvinne (1992) Frihetens regn (1994) Little Women (1994) Rød rettferdighet (1997) Hestehviskeren (1998) Meet Joe Black (1998) American Beauty (1999) Den grønne mil (1999) Erin Brockovich (2000) Pay it Forward (2000) Road to Perdition (2002) Oppdrag Nemo (2003) Cinderella Man (2005) Wall-E (2008) Revolutionary Road (2008) The Adjustment Bureau (2011) Skyfall (2012)
Kjelder Artikkelen er omsett frå Engelsk Wikipedia om Thomas Newman, henta inn 2. februar 2011. Lista over filmmusikk er henta frå Thomas Newman på IMDB.
kategori:USA-amerikanske filmmusikkomponistar kategori:Folk frå Los Angeles Kategori:Grammy-vinnarar