Ole Kopreitan () var ein norsk freds- og miljøaktivist, oppvaksen på Hitra. Han var leiar i Sosialistisk Ungdomsforbund frå 1963-1965, og partisekretær i Sosialistisk Folkeparti frå 1967 til 1969. Dei siste 30 åra var han mest kjend for å stå med ei tralla på Karl Johan og selja jakkemerke og driva informasjonsarbeid for Nei til atomvåpen, der han òg var dagleg leiar.
Kategori:SV-politikarar kategori:Folk frå Hitra