«King Harvest (Has Surely Come)» er ein song skriven av Robbie Robertson for The Band og vart opphavleg gjeven ut på det andre albumet deira, The Band frå 1969.
Songen vert fortalt frå førsteperson som ein fattig bonde, som i aukande desperasjon, fortel om uhella han har vore ute for. Det kom ikkje regn og avlingane hans døydde, loven hans brann ned og han enda opp i eit slumkvarter. Ein fagforeiningsmann dukkar opp og lover å betre ting. Rockekritikaren Greil Marcus kalla han «The Band sin song om øydelagde håp på landet» og meinte at «King Harvest» kanskje var den beste songen til Robertson og det beste dømet på korleis bandet skreiv og spelte songar.
Songstrukturen er uvanleg: Versa, sungen av vokalisten Richard Manuel er energisk, medan refrenget (sungen av Manuel og Levon Helm) er rolegare, i motsetnad til ein vanleg songstruktur. Dette viser kanskje til det desperate, men usikre håpet som forteljaren har om fagforeininga.Bowman, Rob, The Band, To Kingdom Come (liner notes), 1989
Medverkande Rick Danko- Bassgitar, øvre vokal i refrenget Levon Helm- Trommer, nedre vokal i refrenget Garth Hudson- Lowrey-orgel Richard Manuel- Solovokal Robbie Robertson- Elektrisk gitar John Simon- Wurlitzer elektrisk piano gjennom «svart boks»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «King Harvest (Has Surely Come)» frå , den 24. januar 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:The Band-songar Kategori:Songar skrivne av Robbie Robertson Kategori:Songar produserte av John Simon Kategori:Songar om arbeid