Sir Thomas Sean Connery (), betre kjend som Sean Connery, var ein skotsk skodespelar som særleg er kjend for å ha spelt James Bond i dei første filmane om den hemmelege agenten. I 1987 vann han ein ein BAFTA for Rosens navn, og året etter fekk han ein Oscar for si rolle i The Untouchables. I 2000 blei Connery adla. Han markerte seg også som forkjempar for skotsk sjølvstende frå Storbritannia.
Bakgrunn Connery vart fødd i Edinburgh i Skottland. Mor hans, Euphemia «Effie» Maclean, var reinhaldar, og faren, Joseph Connery, var fabrikkarbeidar og lastebilsjåfør. Sean var eldstebarnet med ein yngre bror, Neil. Etter endt skulegang arbeidde Connery ei tid som mjølkemann før han verva seg til den britiske marinen. Han blei seinare dimittert på medisinsk grunnlag, og tok ei rekkje strøjobbar, mellom anna som scenearbeidar ved King's Theatre i Edinburgh i 1951. I 1953 fekk han ei mindre rolle i musikalen South Pacific. Han dreiv også med fotball, der han skal ha fått tilbod om å spela for Manchester United, og kroppsbygging, og var med i Mr. Universe-tevlinga dette året.
Connery var gift med skodespelaren Diane Cilento frå 1962 til 1973 som han fekk sonen Jason Connery med. I 1975 gifta han seg med målaren Micheline Roquebrune. Han budde fleire år i Spania og på Bahamas.
Skodespelar mini|Sean Connery i 1999.
Ein av Bond sine tidlege filmroller var som ein ung journalist i Another Time, Another Place (1958) mot filmstjerna Lana Turner. Året etter hadde han ei framtredande rolle i Darby O'Gill and the Little People (1959). I 1961 spelte han i BBC sin Anna Karenina-produksjon regissert av Rudolph Cartier.
Etter dette skreiv Connery kontrakt om å spela rolla som den då ukjende helten James Bond i fem filmar. Den første av dei, Dr. No, kom ut i 1962 og innførte ei rekkje seinare kjende klisjear, som introduksjonen «Bond, James Bond». Etter dei første fem filmane spelte Connery også Bond i Diamonds Are Forever (1971) and Never Say Never Again (1983). Alle filmane hadde stor kommersiell suksess.
Av alle Bond-skodespelarane, er Connery den som har hatt størst suksess i etterkant av Bond. Som ein del av avtala med å spele rolla i Diamonds are Forever, fekk Connery frie hender til å delta i to filmar for United Artists. Den første av desse, The Offence, vart begravd av studioet. Han hadde oppgang og nedgang til han fann ei ny rolle som passa — rolla som ein klok eldre mentor, noko han først spelte i Highlander (1986). Rolla hans som ein tøff irskfødd politimann i The Untouchables (1987) førte til hans einaste oscarnominasjon og -pris.
Nokre seinare roller viser til fortida hans som Bond, til dømes Indiana Jones and the Last Crusade (1989), der han speler far til Indiana Jones, som blei skapt etter inspirsjon frå Bond-filamen, og som ein britisk hemmeleg agent som har vore fengsla i fleire tiår i The Rock (1996).
mini|Sean Connery i kilt saman med medlemmar av United States Air Force Reserve's Pipe and Drum Band i Washington D.C. i 2004.
Politisk og sosialt engasjement Sean Connery markerte kjærleik til heimlandet sitt på ulike vis. Sidan ungdommen hadde han ei tatovering som seier «Scotland Forever», i tillegg til ei som seier «Mum and Dad».bbc.co.uk: Profile: Sir Sean Connery (12 March 2006) I 1971 skipa han Scottish International Education Trust og gav løninga si for Diamonds Are Forever på ein million pund til henne.
Connery gjekk på 1990-talet inn for skotsk sjølvstende. Han var medlem av Scottish National Party, og støtta partiet gjennom frammøte ved tilstellingar og pengegåver. Denne politiske aktiviteten skal ha ført til at adlinga av han blei utsett i fleire år. Då han endeleg blei utnemnd til Knight Bachelor av den britiske dronninga i 2000, fann seremonien stad i Edinburgh, med Connery kledd opp i kilt.bbc.co.uk: «Sir Sean's pride at knighthood» (5 July, 2000)
Filmografi James Bond Connery er mest kjend for rolla si som James Bond. Han spelte Bond første gongen i Dr. No (1962) og har spelt Bond i sju andre filminnspelingar. mini|upright|Sean Connery i 1964. År Film Originaltittel Rolle 1962 Dr. No James Bond 1963 From Russia with Love James Bond 1963 Goldfinger James Bond 1965 Operasjon Tordensky Thunderball James Bond 1967 James Bond i Japan You Only Live Twice James Bond 1971 Diamanter varer evig Diamonds Are Forever James Bond 1983 Never Say Never Again¤ James Bond ¤ Denne filmen er ei uoffisiell utgåve, ei gjeninnspeling av Thunderball
Etter James Bond
År Film Originaltittel Rolle 1974 Mord på Orientekspressen Colonel Arbuthnot 1974 Zardoz Zed 1975 The Man Who Would Be King Daniel Dravot 1975 The Terrorists Nils Tahlvik 1963 A Bridge Too Far Roy Urquhart 1981 Time Bandits Kong Agamemnon / brannmann Outland O'Niel 1982 Wrong Is Right Patrick Hale Five Days One Summer Douglas Meredith 1986 Rosens navn ¤ The Name of the Rose William av Baskerville Highlander Juan Sanchez Villa-Lobos Ramirez 1987 De ubestikkelige ¤¤ The Untouchables Jim Malone 1988 The Presidio Alan Caldwell 1989 Indiana Jones og det siste korstog Indiana Jones and the Last Crusade Professor Henry Jones Family Business Jessie McMullen 1990 Jakten på Rød Oktober The Hunt for Red October Kaptein Marko Ramiusr The Russia House Bartholomew 'Barley' Scott Blair 1991 Robin Hood, tyvenes prins Robin Hood: Prince of Thieves Kong Richard Highlander 2, Fremmed uten navn Highlander II: The Quickening Juan Sanchez Villa-Lobos Ramirez 1992 Medisinmannen Medicine Man Dr. Robert Campbell 1993 Blodrød sol The Rising Sun Kaptein John Connor 1994 En god mann i Afrika A Good Man in Africa Dr. Alex Murray 1995 Kongens ridder First Knight Kong Arthur I sannhetens tjeneste Just Cause Paul Armstrong 1996 The Rock John Patrick Mason Dragonheart Stemmen til Draco 1998 Hevnere i kjole og hvitt The Avengers Sir August de Wynter Kjærlighetens spill Playing by Heart Paul 1999 Entrapment Robert MacDougal 2000 Møtet med Forrester Finding Forrester William Forrester 2003 The League of Extraordinary Gentlemen Allan Quatermain ¤ For denne rolla vann han ein BAFTA-pris ¤¤ For denne rolla vann han ein Oscarpris for beste mannlege birolle
Prisar og utmerkingar mini|Sean Connery ved oscarutdelinga i 1988, der han vann prisen for beste mannlege birolle.
1964/1965/1966: Laurel Award, «Top Male New Face» og «Action Performance» i Goldfinger og Thunderball 1966/1967 Bravo Otto 1972: Golden Globe Award 1982: ShoWest Award som «Worldwide Star of the Year» 1985: Bambiprisen 1986: Jupiterprisen 1987: Oscarpris, Golden Globe Award, National Board of Review Award (NBR Award) og KCFCC Award for beste mannlege birolle i The Untouchables 1987: Deutscher Filmpreis for Rosens navn 1988: BAFTA Award for Rosens navn 1989: Jupiterprisen 1989: «Sexiest Man Alive» 1991: Den franske æreslegionen (Légion d’Honneur) 1995: Saturn Award for sitt livsverk 1996: Golden Globe Award (Cecil B. DeMille Award) for sitt livsverk 1997: MTV Movie Award for samspelet med Nicolas Cage i The Rock 1997: Blockbuster Entertainment Awards for The Rock 1998: British Academy Fellowship 1999: European Film Award for Entrapment 1999: ShoWest Award for sitt livsverk 2000: Utnmend til Knight Bachelor av den britiske dronninga 2005: Ærespris av European Film Awards 2006: AFI Life Achievement Award
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sean Connery» frå , og «Sean Connery» frå den 23. januar 2011. Denne artikkelen bygger på «Sean Connery» frå , og «Sean Connery» frå den 23. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
Sean Connery ved Internet Movie Database Nettstaden til Sean Connery
Kategori:Britiske skodespelarar Kategori:James Bond Kategori:Knights Bachelor Kategori:Folk frå Edinburgh Kategori:Oscarvinnarar