Ole Brandt () var ein norsk gardbrukar, kyrkjesongar, ordførar og stortingsmann frå Vestre Slidre i Oppland.
Brandt var son til ein kyrkjesongar og gardbrukar i Vestre Slidre. Han vart seminarist frå Asker i 1837 og tok to år seinare over som kyrkjesongar i heimbygda og skaffa seg garden Løken. Brandt var ordførar i Vestre Slidre 1849-55 og frå 1860. Dessutan var han medlem av forlikskommisjonen og formann for sparebanken frå 1868.
Brandt representerte Kristians amt på Stortinget 1859-64, 1868-69 og 1876-79. Han var 1859-60 medlem av justiskomite nr 1, 1862-63 av kyrkjekomite nr 2, 1868-69 av Lagtinget og kyrkjekomite nr 1. I 1876 møtte han som 1. varamann frå 25. mars, medlem av tollkomiteen. Heldt 1877-79 fram i denne komiteen som 4. representant frå amtet, også medlem av Lagtinget.
Han døydde på garden sin i Vestre Slidre i 1880.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Ordførarar i Vestre Slidre Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Vestre Slidre