Peter Andreas Sæther () var ein norsk lærar, ordførar og stortingsmann frå Trondheim.

Far til Sæther var sjømann og døydde tidleg. Sæther vart frå då oppfostra hos morfaren. I unge år var han i fire år huslærar hos soknepresten i Skogn, der han samstundes gjekk i lære for å verte skulehaldar. Han var så lærar og kyrkjesongar i Levanger frå 1832. Frå 1835 til 1879 var han lærar og kyrkjesongar i Alstadhaug sokn i Skogn. Sæther var ordførar i heradsstyret 1850-62 og 1870-73.

Sæther representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1851 og 1857-77. Han var 1851 og -57 medlem av kyrkjekomiteen, 1859-60 og 1865-66 av vegkomiteen, 1862-63 sekretær av kyrkjekomite nr 1 og medlem av jarnbanekomiteen, 1868-69 og 1871-77 av tollkomiteen, dei siste fire sesjonane sekretær i sistnemnde. Dessutan var han medlem av Lagtinget 1857-60, visesekretær 1862-63 og sekretær 1864-66, 1868-69 og 1871-73 i same. I den siste valbolken, 1877-79, møtte han berre i 1877, sidan permittert grunna sviktande helse. I 1860 var han medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Sæther døydde i Levanger i 1897.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Skogn Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Trondheim