mini|Minnestein over Thekla Resvoll i Kongsvoll fjellhage på Dovre. Thekla Susanne Ragnhild Resvoll () var ein norsk botanikar.

Etter examen artium i 1892 og hovudfag i 1899 (med Axel Blytt som rettleiar), var ho amanuensis ved Det Kongelige Frederiks Universitet 1902-1936 og tok doktorgrad på avhandlinga Om planter som passer til kold og kort sommer (1917), der ho studerte kor tilpaskingsdyktige fjellplantar er i goldt klima, og påviste issoleia si mangeårige opplagring av energi. Ho oppdaga Aursunds-aster, Aster subintegerrimus ved Røros (1897).

Ho hadde forskaropphold på den indonesiske øya Java, ved den botaniske hagen i Buitenzorg, eit halvt års tid 1923–24.

Resvoll grunnla fjellhagen på Kongsvoll stasjon på Dovrebanen i 1924. Fjellhagen vart seinare flytt til knausane sørfor Kongsvold Fjeldstue ved E6. Ved hagen er det reist ein minnestein over henne i kleberstein frå Sel laga av Per Haugen. På Kongsvold Fjeldstue kan ein besøke Nasjonalparkutstillinga, som òg omtalar botanikarane som opp gjennom tidene har besøkt Kongsvoll. Utstillinga er open i sommarmånadene, elles etter avtale med fjellstua.

Ho var syster av botanikaren Hanna Resvoll-Holmsen. I 1895 gifta ho seg med hydrografen og bergmanneb Andreas Holmsen (1869–1955). Han var bror til Gunnar Holmsen, som blei gift Hanna. Desse fire etterlét seg også ei stor fotografisamling som no hovudsakleg høyrer til i Nasjonalbiblioteket i Oslo i bildeavdelinga (Resvoll-Holmsen-samlinga).

Utgjevingar Vinter-flora. Vore vildtvoksende løvtrær og buske i vinterdragt, Aschehoug, 1911 Norske fjellblomster, 1934

Kjelder

Eckblad, F.-E. (1991): Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen, to glemte? Pionerer i norsk botanikk. Blyttia 49: 3-10. Inger Nordal og Bredo Berntsen: «Thekla Resvoll» i Norsk Biografisk Leksikon almamatersdotre.no: Biografi med bilder

Kategori:Norske økologar Kategori:Norske botanikarar Kategori:Folk frå Vågå