Blåkollslekta (Prunella) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Dette er små fleirårige plantar. Nedre delen av stengelen er krypande. Dei har store blomstrar i eit hovud i toppen som kan vera blå eller fiolett eller sjeldnare kvit på farge.

To artar av slekta veks i Noreg: Blåkoll (P. vulgaris), livskraftig (LC) i Raudlista 2021 Storblåkoll (P. grandiflora), framandart, ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018, vurdert til låg risiko (LO) i den førebels utgåva av Framandartslista 2023

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brunelle» frå , den 7. januar 2011.

Bakgrunnstoff

Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Leppeblomfamilien