Krypsoleie er ei plante i soleiefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing og er mykje av ein kosmopolitt. Planta vert kring 20 cm høg og er mørkgrøn, snau eller håra. Krypande stengel med røter ved ledene og opprette greina stenglar. Bladet delt i tre tydeleg skafta flikar. Han har snau nøtt med kort rett nebb. Krypsoleie blømer kring juni månad på fuktige stader og i åkrar.
Den opphavlege utbreiinga av krypsoleie er i Europa, Nord-Afrika og tempererte delar av Asia. Han finst også innført i Australia, New Zealand, Nord- og Sør-Amerika. Krypsoleie er vanleg gjennom heile Noreg, og er funnen opp til 1230 moh. på Hardangervidda. mini|venstre|Krypsoleieplante
Kjelder
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Denne artikkelen bygger på «Revsmörblomma» frå , den 7. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Soleiefamilien Kategori:Giftige plantar