Symfoni nr. 41 i C-dur, K. 551, er ein symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart som han skreiv ferdig den 10. august 1788.Deutsch 1965, 320 Det var den siste symfonien han komponerte.

Verket har fått kallenamnet Jupiter-symfonien. Dette namnet kjem ikkje frå Mozart, men truleg frå impresarioen Johann Peter SalomonHeartz, Daniel, Mozart, Haydn and Early Beethoven 1781-1802, s. 210, Norton (2009), ISBN 978-0-393-06634-0 i eit tidleg arrangement for piano.

Den 41. symfonien var den siste av tre symfoniar som Mozart skreiv i rask rekkefølgje sommaren 1788. Den 39. vart ferdig den 26. juni og den 40. den 25. juli. På same tid skreiv Mozart pianotrioane sine i E- og C-dur, hans sonate facile, og ein fiolinsonatina.

Det er ikkje kjend om symfonien vart framført medan Mozart levde.

Verket er skrive i fire satsar og arrangert som ein tradisjonell symfoni frå klassisismen.

Allegro vivace, 4/4 Andante cantabile, 3/4 i F-dur Menuett: Allegretto - Trio, 3/4 Molto Allegro, 2/2

Det uvanlege med denne symfonien er ein fugato for fem stemmer (som representerer dei fem dur-temaa) mot slutten av den fjerde satsen. Det er fugale-seksjonar gjennom heile satsen. Hovudtemaet består av fire notar:

Fil:MozartJupiterFinaleTheme.PNG

I ein artikkel om Jupitersymfonien skriv Sir George Grove at «det er i finalen Mozart slepp laust alt han har heldt tilbake av det han har lært, og all krafta, som ingen ser ut til å ha hatt i same grad som han sjølv, og bevart denne vitskapen og gjort det til ein reiskap for musikken, som er like behageleg som lærerik. Ingen stad han oppnådd meir.»Grove 1906 Musikkvitarar er sikre på at Mozart studerte Michael Haydn sin Symfoni nr. 28 i C-dur, som òg har ein fugato i finalen.C. Sherman, Foreword to score of Sinfonia i C, Perger 31 Wien: Doblinger K. G. (1967)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 41 (Mozart)» frå , den 28. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford: Stanford University Press.

Bakgrunnsstoff

Jupiter in the Age of Enlightenment, Program Notes on Symphony No. 41 by Ron Drummond

41 Kategori:Musikk i 1788