mini|Stavanger Universitetssjukehus avdeling Våland.
Stavanger universitetssjukehus (SUS), fram til 2005 Sentralsjukehuset i Rogaland, er eit av dei største sjukehusa i Noreg etter tal på opphald. Det har helseføretaket Helse Stavanger som eigar. Universitetssjukehuset har over 8 000 tilsette og dekkjer ein folkemasse på over 390 000 innbyggjarar.
Eit nytt universitetsjukehus stod klart 16. november 2025 på Ullandhaug i Stavanger. SUS utgjer eit hovudsjukehus lokalisert på Ullandhaug med nokre avdelingar på Våland i Stavanger. Stavanger universitetssjukehus har også fem distriktspsykiatriske senter i Stavanger, Sola, Dalane, Sandnes og i Ryfylke.
Stavanger universitetssjukehus er organisert i klinikkar og stab- og støttefunksjonar: Kirurgisk klinikk, Klinikk A, Klinikk for hode, hals og rehabilitering, Klinikk for medisinsk service og ABK, Kvinne. og barneklinikken, Klinikk psykisk helsevern barn, unge og rusavhengige, Klinikk psykisk helsevern voksne, Mottaksklinikken, og Prehospital klinikk. Stab- og støttefunksjonene er Divisjon for driftsservice, Avdeling for fag, forskning og undervisning, Avdeling for personal- og organisasjonsutvikling, Avdeling for økonomi og finans, og Foretaksadministrasjonen.
SUS har ei rekkje samarbeidspartnerar, av dei Universitetet i Bergen om utdanning av medisinske studentar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stavanger kommune Kategori:Byggverk i Stavanger Kategori:Sjukehus i Rogaland