Peder Ellingsson Voje () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Drangedal i Telemark.

Voje tok over farsgarden i 1865 og dreiv denne. I 1887 vart han eigar av garden Lundereid i Sannidal sokn og busette seg der i 1903. Litt før 1910 busette han seg på garden Dal i Sannidal, ein gard han hadde eigd sidan 1861.

Voje var ordførar i Drangedal 1863-81, på nokre få år nær. Han var medlem av Bandakkomiteen og av den fyrste jarnbanekomiteen i amtet. Elles styreformann i Drangedals trelastbolag.

Voje representerte Bratsbergs amt på Stortinget frå 1868 til 1876. På alle tingsamlingane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1873-76 også av Lagtinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Ordførarar i Drangedal Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Drangedal