Året 116 var eit skotår som starta på ein tysdag i den julianske kalenderen.

Hendingar I romarriket: Keisar Trajan fullførte invasjonen av Partia ved å ta byane Seleukia, Babylon, Ktesifon og Susa. Trajan gjorde Syria til ein romsersk provins og kryssa Tigris for å annektere Adiabene. Han gjekk med hæren sin åt Persiabukta og tok over landområde som vart provinsen Partia. Trajan fjerna Osroes I som konge av Partia, og sette inn sonen hans, Parthamaspates, i staden. Parthamaspates romaniserte namnet sitt åt Parthicus. Trajan sende ut to ekspedisjonsstyrker. Éi, samansett av delar av Legio III Cyrenaica, for å undertrykkje revolusjonen i Judea og den andre, Legio VII Claudia, for å gjenopprette orden på Kypros. Trajan sende laureatae til det romerske senatet på grunn av sigrane sine og sidan han hadde teke over Partia. Quintus Marcius Turbo siglde åt Alexandria og slo jødene i fleire feltslag. Ei jødisk oppstand mot Rom mislykkast.

Fødde Liang Na, kona åt keisar Shùn av Hàn

Døde Ban Zhao, den fyrste kvinnelege kinesiske historikaren (f. år 45) Sankt Quirinus av Neuss, romersk kristen martyr Sankt Zacchaeus av Jerusalem, biskop i Jerusalem

Kjelder Denne artikkelen byggjer på 116 frå den 16.06.2017.

Kategori:116