Hans Kristian Amundsen Furulund () var ein gardbrukar, verkseigar og stortingsmann frå Ullensaker i Akershus. Han var medlem av Venstre.
Far hans var gardbrukar i Ullensaker. Sjølv var han gardbrukar i Nannestad frå 1869, og så frå 1874 i heimbygda Ullensaker. I 1891 vart han medeigar av Ullensaker sagbruk og høvleri, eigar av Breivold i Aker og Alna teglverk i 1897. Han var medlem av heradsstyret frå 1875, ordførar 1882-88.
Furulund representerte Akershus amt på Stortinget frå 1880 til 1888. Han var i alle åra medlem av konstitusjonskomiteen, perioden 1886-88 også av Lagtinget. I 1887 vart han medlem av den kongelege tollkommisjonen.
Busett i Østre Aker, der han døydde i 1924.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Ullensaker Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Ullensaker